Hopp til innhold

President Xi Jinping har landa i Nord-Korea

President Xi Jinping er den første kinesiske presidenten som har besøkt Nord-Korea på 14 år, tema for nokre av møta vert sagt å vere situasjonen på Koreahalvøya.

Xi Jinping

Den kinesiske presidenten landa i Nord-Korea tidleg torsdag morgon.

Foto: Kham / AFP

Presidenten, kona Peng Liyuan og den kinesiske utanriksministeren Wang Yi landa tidleg torsdag morgon på flyplassen i Pyongyang, ifølgje nyheitsbyrået AFP.

Vertane hadde hengt opp kinesiske flagg i hovudstaden, og innbyggjarane hadde stilt seg opp langs vegane for å ønske gjestane velkomne.

Kim Jong Un og Xi Jinping

Kim Jong Un og Xi Jinping under eit besøk i Kina tidlegare.

Foto: AP

Første besøk frå Kina på 14 år

Medan den nordkoreanske leiaren Kim Jong Un har besøkt Xi og Kina fire gonger det siste året, er dette det første kinesiske statsbesøket til Nord-Korea sidan 2005.

I løpet av det to dagar lange besøket, skal dei to treffast for å snakke om blant anna situasjonen på Koreahalvøya ifølgje TV-kanalen CCTV.

Styresmaktene fører streng kontroll over dekninga av besøket, ifølgje AFP. Internasjonale journalistar i Pyongyang er blitt fortalt at dei ikkje får dekke besøket, medan utanlandske nyheitsmedium vart inviterte, men ikkje fekk innvilga visum.

– Sender signal til USA

– For Nord-Korea kjem besøket til å sende signal til USA om at Nord-Korea og Kina har eit godt forhold, fortel Lim Eul-chul, professor ved universitetet i Kyungnam i Sør-Korea til AFP.

Forhandlingane mellom Donald Trump og Kim Jong Un stansa opp i februar etter det andre møtet mellom dei to. Dei to landa har ulike forklaringar på kvifor møtet vart resultatlaust.

USA hevdar at Nord-Korea ville ha oppheva samtlege sanksjonar mot landet, medan Nord-Korea på si side hevdar at dei la fram eit realistisk forslag med oppheving av nokre få sanksjonar, mot at dei stansa verksemda i Yongbyon-anlegget, og at dei skulle slutte med prøveoppskytingar og prøvesprengingar av atomvåpen på permanent basis.

SISTE NYTT

Siste nytt