President Jacob Zuma kvitta seg med rival i Sør-Afrika

Valutakursen raste etter den dramatiske omrokeringa.

SAFRICA-POLITICS-ECONOMY

AVSETT: Pravin Gordhan manar til politisk kamp utanfor kontoret sitt i Pretoria fredag.

Foto: GIANLUIGI GUERCIA / AFP

Onsdag fekk Sør-Afrikas finansminister ståande ovasjon under gravferda til anti-apartheid legenda Ahmed Kathrada.

Mange leiande figurar i partiet ANC, hadde møtt opp for å heidre våpendragaren til Nelson Mandela, som også sona på Robben Island.

Samtidig var det ein som mangla. Partileiaren i ANC og landets president.

Familien hadde bedt Jacob Zuma om å halde seg unna gravferda.

Eine talaren etter den andre stod fram og klaga over det moralske forfallet og korrupsjonen i regjeringa til president Jacob Zuma.

South Africa Ahmed Kathrada Funeral

VARMT MØTE: Den avsette finansministeren Pravin Gordhan, og ekskona til Nelson Mandela, Winnie Madikizela-Mandela, under gravferda til anti-apartheid legenda Ahmed Kathrada.

Foto: Themba Hadebe / AP

Gravferda viste eit djupt splitta parti, og den bar bod om at finansministeren hadde blitt ein farleg rival i kampen om makta i ANC, og dermed om makta i Sør-Afrika.

Det er den største krisa i partiet sidan ANC kom til makta i 1994 under Nelson Mandela, skriv The Guardian.

Omrokering midt på natta

Dagen etter gravferda skjedde det.

Zuma venta til mørkeret hadde senka seg over landet, så sende han ut ei pressemelding som informerte om at finansminister Pravin Gordhan hadde fått sparken.

Det var på tide med nye talent, og Zuma skifta like godt ut 10 av 35 ministrar, når han først var i gang.

– Eg har vedteke å gjere endringar i regjeringa, for å betre effektiviteten, sa Zuma i ein TV-tale.

SAFRICA-ZUMA/

NYE TALENT: Jacob Zuma vil ha nye fjes i regjeringa. Men vart straffa på finansmarknadane.

Foto: ROGAN WARD / Reuters

Valutakursen stupte

Det hadde ikkje mangla på åtvaringar. Finansministeren blir sett på som ein kompetent mann, som har fått økonomien på rett kurs.

Berre rykte om at Gordhan ville få sparken, fekk marknadane til å reagere.

Valutakursen svekka seg med 7 % mot dollaren denne veka, og rentene på statsobligasjonane gjekk opp. Nå fryktar økonomane for neste runde med kredittvurdering frå dei internasjonale ratingselskapa.

Den nye finansministeren blir den fjerde på 18 månadar.

Skulda for å undergrave økonomien

Pravin Gordhan hadde mange støttespelarar, som møtte opp for å hylle han ved finansdepartementet i Pretoria, og for å rakke ned på Zuma.

– Kva folk skal gjere? Organiser dykk! Var meldinga frå Gordhan, på spørsmål frå pressen.

SAFRICA-POLITICS-DEMO

PROTEST: Fagforeiningar og frivillige organisasjonar hadde møtt opp for å protestere mot sparkinga av finansministeren i Pretoria.

Foto: GIANLUIGI GUERCIA / AFP

Gordhan viste fram eit skriv frå etterretninga, der han blir skulda for å konspirere mot regjeringa, saman med internasjonale bankar.

Men sjølv visepresidenten til Zuma, Cyril Ramaphosa, meiner dokumentet er fabrikert.

– Avskjeden til finansministeren er basert på tvilsame skuldingar, og det vil eg protestere mot, og eg har sagt til presidenten at eg ikkje er samd, sa Ramaphosa.

SAFRICA-ZUMA/

FEIRA 105 ÅR: Visepresident Cyril Ramaphosa (venstre) og Jacob Zuma feira ANCs 105-års jubileum. No er dei splitta i synet på sparkinga av finansministeren.

Foto: STRINGER / Reuters

Vil ha ekskona til president

ANC er så mektige at det berre er folk på innsida som kan utfordre Zuma..

Men han treng også beskyttelse mot søksmål når han ein dag blir pensjonist.

Det sirkulerer rundt 783 korrupsjonsskuldingar mot 74 år gamle Zuma, og den nasjonale avisa Mail & Guardian spekulerer i om Zuma driv å førebur ekskona Nkosazana Dlamini-Zuma til å etterfølge han.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt