NRK Meny
Normal

President i sex-klemme

Israels president Moshe Katsav vart avhøyrd av politiet for femte gong i dag om skuldingane som er retta mot han om seksuell trakassering.

Israels president Moshe Katsav er i hardt ver etter skuldingar om sex-trakassering
Foto: Pedro Ugarte, PEDRO UGARTE

Ein talsmann for politiet i Jerusalem, Micky Rosenfeld, seier at avhøyret av Katsav skjedde i heimen til presidenten, og at det varte i fem timar.

Den 61 år gamle iranskfødde presidenten er skulda for å pressa minst to kvinnelege tilsette til å ha sex med han ved å misbruke autoriteten og posisjonen han har som president.

Katsav er også skulda for at hans kontor har ulovleg ettergitt straff for innsette i fengsel. Han vart også utsett for to dagar med knallharde avhøyr i  august, og to nye avhøyr tidlegare denne månaden. Avhøyret i dag var det femte i rekkja.

Sex-skandalen kan føre til at Katsav, som er gift og har fem born, blir pressa ut av presidentstolen.

Katsav er ikkje den einaste av toppolitikarane i Israel som er under hardt press for tida. Regjeringa til Ehud Olmert får stadig sterkare kritikk for måten dei handterte den 34 dagar lange krigen mot Hizbollah i Libanon på.

Det er også retta kritikk mot hærsjefen og statsministeren i samband med privatøkonomiske disposisjonar.

20. august trekte justisminister Haim Ramon seg frå stillinga, etter skuldingar om seksuell trakassering.

 

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt