Hopp til innhold

President Hugo Chávez er død

Venezuelas president Hugo Chávez er død, opplyser visepresidenten i landet, Nicolas Maduro. Chávez vart 58 år gammal.

Venezuela Chavez Hugo Chavez

Venezuelas president Hugo Chávez er død.

Foto: Ariana Cubillos / Ap

Venezuelas visepresident Nicolas Maduro.

Det var visepresident Nicolas Maduro som kom med bodskapen om at presidenten var død på fjernsyn tysdag kveld norsk tid.

Foto: HO / Afp
Chávez-tilhengjar sørgjer

Chávez-tilhengjarar sørgjer i gatene.

Foto: NTB Scanpix

Maduro opplyste om dødsfallet i ein tale på venezuelansk fjernsyn like før klokka 23 norsk tid.

– Vi har fått den verste og mest tragiske bodskapen. Chávez måtte til slutt gi tapt for kreftsjukdomen som ramma han for to år sidan, sa Maduro blant anna.

LES OGSÅ: Hugo Chavez - elsket og hatet

Den venezuelanske presidenten døydde klokka 16.25 lokal tid, kl. 18.55 norsk tid. Døden vart kunngjort kl. 22.05 tysdag kveld.

– Det beste landet hadde

Chávez har vore operert fire gonger på Cuba, og han var innlagt på eit militærsjukehus i Caracas då han døydde.

Butikkar og restaurantar over stengde etter at det vart kjent at presidenten var død. Folk som bevegde seg ute, skunda seg heim, nokre sprang.

– Eg er så trist at eg ikkje kan snakke, sa Yamilina Barrios (39) med ansiktet fullt av tårer.

– Han var det beste dette landet hadde. Eg forguda han.

Maduro ba folk om å samle seg på Bolivar-plassen, oppkalt etter mannen Chávez såg som si store inspirasjonskjelde. Han ønskte også at opposisjonen skulle respektere «folkets smerte».

– Dei som aldri hadde respekt for Chávez, ha respekt for smerta folket kjenner no, sa han.

(Saka held fram etter biletet.)

Hugo Chávez

Folket samla seg til minne om Chávez.

Foto: NTB Scanpix

Pusteproblem

Tilstanden hans har vorte gradvis verre dei siste dagane, og han har hatt store problem med å puste. Samstundes sette legane i gang ein ny runde med intens cellegiftbehandling.

Chávez har ikkje vist seg offentleg etter han kom heim frå behandling på Cuba i midten av februar. Det er aldri opplyst kva type kreft han var ramma av.

Han er kjend for sin fiendtlege haldning til USA, og han sa tidleg i sjukdomsperioden at det var USA som hadde gitt han kreft. Dette vart teke opp att av visepresidenten på venezuelansk fjernsyn tidlegare i dag.

Hæren i beredskap

Chávez-tilhengjarar og militæret

Hæren stiller opp for å halde ro og orden - og for å støtte dei sørgjande.

Foto: NTB Scanpix

Samstundes gjorde visepresident Nicolas Maduro det klart at landet hadde utvist to amerikanske diplomatar fordi dei hadde delteke i ein konspirasjon mot regjeringa i Venezuela.

Den venezuelanske hæren er sett i høgste beredskap i samband med at presidenten er død, og soldatar og politi er utplasserte i gatene i hovudstaden og andre store byar. Maduro sa i fjernsynstalen sin at dette er gjort for å verne folket og for å sikre freden i landet.

Leiinga for dei militære greinene i landet gjorde det seint tysdag kveld norsk tid at dei vil støtte visepresident Nicolas Maduro og etterleve grunnlova.

Chávez har gjort det klart at han ville at Maduro skulle etterfølgje han som president.

LES OGSÅ: Hugo Chavez tilbake i Venezuela

Plakat av Chavez utanfor sjukehuset.

Tilhengjarar plasserte ein stor plakat med bilete av presidenten utanfor sjukehuset.

Foto: Carlos Garcia Rawlins / Reuters


SISTE NYTT

Siste nytt