NRK Meny
Normal

Cristina Kirchner fryktar at krefter i USA vil drepe henne

Opposisjonen i Argentina skuldar president Cristina Kirchner for å ha mist kontakten med det verkelege livet, etter at ho i ein fjernsynstale skulda USA for å ha planar om å drepe henne.

Cristina Kirchner er president i Argentina.

Cristina Kirchner meir enn ymtar om at krefter i USA kan vere ute etter å ta livet av henne.

Foto: MARCOS BRINDICCI / Reuters

Elisa Carrio, presidentkandidaten til sentrumspartiet UNEN, meiner at presidenten ikkje lenger har kontakt med røyndomen.

– Sidan ho ikkje vil ta røyndomen innover seg, med arbeidsløyse, høg inflasjon og den stigande dollarkursen, så snakkar ho om at USA er ute etter å ta livet hennar. Ho finn opp konspirasjonar, seier ein oppgitt Elisa Carrio til den britiske avisa The Guardian.

– Med støtte frå USA

Det var i natt til onsdag norsk tid at Cristina Kirchner heldt den spesielle fjernsynstalen. Då sa ho at næringslivet i Argentina prøver å bli kvitt sitjande regjeringa, med støtte frå blant andre USA. Ho meir enn ymta om at dei same kreftene ynskte livet av henne.

Opposisjonspolitikar Elisa Carrio i Argentina.

Elisa Carrio, leiar for opposisjonspartiet UNEN, meiner at presidenten har mist kontakten med røyndomen.

Foto: ENRIQUE MARCARIAN / REUTERS

Ho har tidlegare sagt at tilhengjarar av terrororganisasjonen IS kunne angripe henne, på grunn av hennar vennskap med pave Frans

– Dersom noko skjer med meg, ikkje sjå til Midtausten, men sjå nordover, sa ho blant anna i fjernsynstalen.

Kirchner har også vore i tottane på den fungerande sjefen for den amerikanske ambassaden i Argentina, Chargé d'Affaires Kevin K. Sullivan, etter at han i eit avisintervju uttalte at det er viktig at Argentina kjem seg ut av ein situasjon der dei ikkje klarer å gjere opp for seg.

Vart kalla inn på teppet

Kirchner reagerte sterkt på at Sullivan hadde brukt uttrykket «ikkje greier å gjere opp for seg». Trass i gjeldskrisa, meiner Kirchner, så er det ikkje slik at Argentina ikkje greier forpliktingane sine. Det enda med at Sullivan vart kalla inn på teppet i argentinsk UD, der han fekk ein reprimande.

Realiteten i Argentina er økonomisk stagnasjon, valutaen peso er i fritt fall og det kriminaliteten er sterkt aukande. Presidenten er under svært sterkt press.

Landet slit enno med etterverknadene av ei gjeld på nærmare 100 milliardar dollar, rundt 650 milliardar norske kroner, frå 2001. Landet slo seg sjølv konkurs, og det fekk som resultat at Argentina vart stengt ute frå internasjonale finansmarknader.

Dermed er det umogleg for landet å få ta opp nye lån.

LES OGSÅ: Paven ber for de svakeste

LES OGSÅ: Argentinas president ber paven om Falkland-hjelp

– Gribbefond

Samstundes prøver regjeringa å unngå sin andre konkurs på 13 år, medan dei kjempar for å få utbetalt 539 millionar dollar, 3,4 milliardar kroner, som blir haldne tilbake i ein amerikansk bank.

Argentina har avvist eit krav frå ein amerikansk domstol om å betale 1,3 milliardar dollar (8,4 milliardar norske kroner), som erstatning for tap amerikanske hedgefond har hatt på at Argentina slo seg konkurs i 2001. Kirchner har kalla hedgefonda det var snakk om for gribbefond.

– Eg er ikkje naiv. Dette er ikkje eit isolert trekk av ein senil dommar i New York. For gribbane er svært like ørnene til imperiet, sa ho. Med ørnene til imperiet sikta ho til nasjonalsymbolet til USA, kvithovudhavørna.

Ifølgje The Guardian stilte USAs dåverande utanriksminister Hillary Clinton spørsmål om den mentale tilstanden til Cristina Kirchner etter eit møte i 2010.

– Går ho på medisinar? spurde Clinton, ifølgje eit lydbandopptak som seinare vart lekt til pressa.

Sonen mogleg kandidat

Det er presidentval i Argentina neste år. Cristina Fernandez de Kirchner, som er hennar fulle namn, er inne i sin andre periode som president, og ho kan dermed ikkje veljast igjen.

Det knyt seg stor spenning til kven ho vil gi si støtte til. I Buenos Aires blir det spekulert i om den 37 år gamle sonen hennar Maximo Kirchner kan kome til å stille som kandidat.

Skulle Maximo Kirchner blir president i Argentina neste år, så ville han blir den tredje i Kirchner-familien i den rolla. Cristina Kirchner tok over som president etter mannen sin Nestor Kirchner i 2007. Nestor Kirchner døydde i 2010.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt