Hopp til innhold

President Assad vil ikkje lenger ha prestisjetung fransk orden

Syria har gitt tilbake æreslegionen som Frankrike gav til president Bashar al-Assad. Han seier at han ikkje vil bere ein orden frå eit land som er ein «slave» for USA.

Syria gir tilbake æreslegionen

Syria gav torsdag tilbake president Assads orden etter at Frankrike deltok i luftåtak mot syriske mål.

Foto: Ho / AFP

Æreslegionen vart onsdag gitt tilbake gjennom den rumenske ambassaden i Damaskus, som representerer franske interesser i Syria, melder BBC.

Dette skjedde få dagar etter at Frankrike sa det vart sett i verk ei diplomatisk prosedyre for å trekkje ordenen tilbake, ifølgje AFP.

President Bashar al-Assad og det syriske regimet er skulda for å stå bak fleire kjemiske åtak mot sivile sidan 2011.

I førre veke deltok Frankrike saman med USA og Storbritannia i bombinga av syriske mål etter eit påstått kjemisk åtak. Den syriske regjeringa nektar for å ha brukt kjemiske våpen.

Syria er beskyldt for å bruke kjemiske våpen mot egen befolkning, men lederen av landet nekter og hevder opposisjonen står bak. Urix forklarer hva som er status for kjemiske våpen i landet nå.
Programledere er Hege Moe Eriksen.

Vil ikkje bere ordenen

President Assad vart dekorert med den høgste klassa av ordenen, Grand Croix, i 2001. Han tok imot ordenen då han tok over makta i Syria, etter at faren hans døydde.

Dei to landa har tette band, etter at Syria var under fransk kontroll i åra mellom 1920 til 1946.

Retorikken er blitt skarpare etter at president Emmanuel Macron hevda at Frankrike har bevis for at det syriske regimet stod bak eit kjemisk åtak i Douma.

«Det er ikkje noko ære for president Assad å ha på seg ein dekorasjon gitt av eit «slaveland», og tilhengjar av USA, som støttar terroristar», sa det syriske utanriksdepartementet i ei fråsegn.

Kvart år får om lag 3000 menneske tildelt æreslegionen for «tenester gjeve att til Frankrike», eller for å forsvare til dømes menneskerettar og pressefridom.

Det er berre den franske presidenten som kan trekkje tilbake ein orden frå ein utanlandsk statsborgar.

President Macron har tidlegare trekt tilbake æreslegionen frå Harvey Weinstein, etter at han vart skulda for seksuell trakassering og overgrep.

SISTE NYTT

Siste nytt