Powell åtvarar også mot at Saddam Hussein kan kome til å ta gislar.
Dei bør vurdere å reise, ikkje berre på grunn av faren for eit USA-leia angrep, men også fordi Saddam Hussein kan ta dei som gislar, meiner Powell.
- Eg trur det er farlege tider i Bagdad og kvar enkelt av dei som er der, enten dei er journalistar, inspektørar eller i andre ærend, må vurdere om det er på tide å reise, sa Powell i eit intervju med CNN.
Powell sa også at president George W. Bush og leiarane frå Spania og Storbrittania som møter kvarandre på Azorane i helga, kjem til å avgjere om det diplomatiske arbeidet no skal avsluttast, eller om det skal halde fram.
Cheney
Visepresidenten i USA, Dick Cheney, seier at møtet på Azorane er det siste forsøket på ei diplomatisk løysing på Irak-krisa.
På Meet the Press-programmet til fjernsynsstasjonen NBC sa Cheney at det ikkje er tvil om at vi nærmar oss slutten på dei diplomatiske forsøka på å løyse Irak-krisa.
- Eg trur vi er i siste akt av diplomatiet. Det er ei av hovudårsakene til møtet, sa han, og understreka at president Bush står overfor ei vanskeleg og viktig avgjerd dei næraste dagane.
Chirac
Den franske presidenten, Jacques Chirac, seier at han vurderer å gå inn for at våpeninspektørane skal få ein frist på 30 dagar til å avslutte arbeidet i Irak.
Chirac sa dette i intervju med CNN og den amerikanske fjernsynskanalen CBS. Intervjuet skal sendast i USA i kveld, og det er første gongen at ein fransk leiar seier at dei vurderer ein så kort frist.
Dei tyske styresmaktene ber no alle tyskarar i Irak om å reise frå landet.
Den tyske ambassaden i Bagdad skal stengjast så snart alle tyske statsborgarar er ute.