Hopp til innhold

Porosjenko: – Fredsavtalen i fare

Avtalen som skal få slutt på kampane i Aust-Ukraina er i fare. Det seier president Petro Porosjenko få timar før avtalen skal ta til å gjelde.

Merkel, Porosjenko, Hollande og Putin i Minsk

Merkel, Porosjenko, Hollande og Putin under fredsforhandlingane i Minsk sist torsdag.

Foto: MYKOLA LAZARENKO / Afp

Petro Porosjenko skuldar Russland for å bidra til at konflikten blir trappa opp, trass i at Russland var med på å forhandle fram fredsavtalen i Minsk torsdag.

Samtidig kjem det russiske utanriksdepartementet med skuldingar mot Ukraina og vestlege land, og seier at dei legg hindringar i vegen for at fredsavtalen kan bli gjennomført.

Klokka 16.00 norsk tid skal Porosjenko ha telefonmøte med den tyske forbundskanslaren, Angela Merkel og presidenten i Frankrike, François Hollande. To timar seinare skal han snakke med den amerikanske presidenten, Barack Obama.

Fredag sa ein talsmann for den russiske presidenten, Vladimir Putin han planlegg å snakke med Porosjenko, Merkel og Hollande laurdag kveld.

Porosjenko seier laurdag ettermiddag at han vil innføre unntakstilstand i heile Ukraina dersom det ikkje blir gjennomført våpenkvile, i samsvar med avtalen frå Minsk.

Kampane rasar

Våpenkvila skal ifølgje fredsplanen ta til å gjelde ved midnatt natt til søndag lokal tid (laurdag klokka 23 norsk tid). Også representantar for utbrytarane har signert Minsk-avtalen.

Aust i Ukraina rasar kampane med full styrke. Det siste døgnet er sju regjeringssoldatar drepne og 23 såra i kampar med opprørarar, ifølgje ukrainske styresmakter.

Ukrainsk soldat Donetsk-regionen

Ein ukrainsk soldat i Donetsk-regionen fredag. Også laurdag pågår kampane mellom opprørarar og regjeringssoldatar for fullt.

Foto: STRINGER / Reuters

– Opprørarane prøver å gjennomføre taktiske planar før midnatt for å utvide territoriet dei kontrollerer, primært i retning byen Debaltseve, seier talsmann for det ukrainske militæret Andrij Lysenko.

– "Gjester frå Russland"

Ifølge den Kiev-vennlege politisjefen i byen Debaltseve, Vjatsjeslav Abroskin, starta opprørarar laurdag formiddag eit kraftig bombardement av byen.

– Opprørarane øydelegg byen. Det er kontinuerlege artilleriangrep mot bustadområde og bygningar. Byen brenn, skriv Abroskin på Facebook, ifølgje nyheitsbyrået AFP.

Ein av opprørarane, som vil vere anonym, seier at dei får hjelp av det han kallar "gjester frå Russland".

Les også: Ukrainas skjebnetime

Separatistane har i fleire veker prøvd å få kontroll over Debaltseve. Dei hevdar fleire tusen regjeringssoldatar er omringa ved byen, noko styresmaktene i Kiev avviser.

Møte i Tryggingsrådet

Tryggingsrådet i FN møtest truleg søndag for å stemme over ein resolusjon der partane i Aust-Ukraina-konflikten blir bedne om å respektere våpenkvila.

Over 5.400 menneske er drepne sidan uroa i Aust-Ukraina for alvor tok til i april i fjor.

SISTE NYTT

Siste nytt