Hopp til innhold

Pornoindustrien i Los Angeles legg på flukt etter kondompåbod

Pornoprodusentar trugar med å flytte ut av Los Angeles etter at det no vil bli pålagt å nytte kondom under innspeling av pornofilmar.

AIDS-aktivistar demonstrerar i Los Angeles for kondombruk i pornofilmar. No har dei fått vilja si.

AIDS-aktivistar demonstrerar i Los Angeles for kondombruk i pornofilmar. No har dei fått vilja si.

Foto: Joe Kohen / Ap

Los Angeles i California har i fleire tiår vore verdas pornohovudstad. No kan eventyret ta slutt etter at ein ny lov trer i kraft i byen neste månad. Lova seier at det skal vere eit krav at pornoskodespelarar nyttar kondom under innspeling.

No har mange produsentar sagt at dei vil flytte industrien ut av Los Angeles, fordi dei meiner ingen vil sjå pornofilmar der det vert nytta kondom.

– Sjåarane der ute vil ikkje ha pornofilmar med kondom, seier Steven A. Hirsch til Los Angeles Times. Han grunnla storkonsernet Vivid Entertainment i 1984, og er ein av dei ukrona pornokongane i byen.

Han har ingen planar om å leggje ned verksemda grunna den nye lova.

– Me vil halde fram med å spele inn pornofilmar, sjølv om me må gjere det utanfor Los Angeles.

AIDS-aktivistar bak lova

Det er første gong styresmaktene i Los Angeles vedtek ei lov som regulerer måten pornofilmane vert spelt inn på. Bakgrunnen er at styresmaktene tidlegare gjekk ut og uttrykte bekymringar om at HIV-viruset har spreidd seg i pornomiljøa. AIDS-aktivistar seier at kampen om kondombruk i pornofilmar handlar om å gi signal til folk om faren ved usikra sex.

– Pornoindustrien sender ut signal om at den einaste sexen som «heit» er usikker sex. Me meiner det er svært skadeleg, seier Michael Weinstein som er leiar i L.A.-baserte AIDS Healthcare Foundation.

Kondom

Ein tom kondompakke er ikkje eit typisk syn under innspelinga av pornofilmar.

Foto: ROBYN BECK / AFP

AIDS-aktivistane har i fleire månader samla inn nok signaturar som har ført til at det vart ei politisk sak.

Lova vart ført diskutert i bystyret i Los Angeles førre månad. Det vart først bestemt å halde ein folkeavstemming om forslaget ved haustens val. Men etter press frå lobbyorganisasjonen Aids Healthcare Foundation vart lova bestemt av bystyrerepresentantane.

9 av 10 pornofilmar produsert i LA

Det er estimert at rundt 90 prosent av all pornografi produsert i USA kjem frå Los Angeles-området. Med mange titals tusen jobbar og milliardar i omsetnad, vil ikkje dette berre ha ein innverknad på konsumentane.

Det er uklart kor mykje pengar storbyen vil tape dersom pornoindustrien tek barten og går. Men ifølgje estimatar har industrien ein årleg omsetnad på rundt 4 milliardar dollar, og tilbyr jobbar for opptil 20.000 skodespelarar, kamera-crew og liknande. Det betyr mykje i skatteinntekter for ein by i resesjon.

– Det er veldig sannsynleg at produsentane vil flytte ut av området og starte opp selskapa andre stadar. Det vil resultere i eit stort tap av skatteinntekter for byen, seier Diane Duke, som er leiar for ei ytringsfridomsgruppe i Los Angeles. Ho har engasjert seg sterkt i mot lova.

(artikkelen held fram under biletet)

Pornoinnspeling i Los Angeles

Skodespelarane frå selskapet Vivid Entertainment førebur seg på innspeling av ein ny vaksenfilm. Leiaren i gigantselskapet er overtydd om at få vil kjøpe pornofilmar der det vert nytta kondom.

Foto: HANDOUT / Reuters

«Kondompoliti»

Etter 5. mars vil alle pornofilmane som har fått produksjonsløyve bli sett opp på ei liste hos politiet. Innspelingane av desse kan i teorien kva tid som helst bli oppsøkt av politiet, for å sjekke om skodespelarane nyttar kondom. Kva som vil skje i eit eventuelt møte mellom ein statleg politimann og ein kostymekledd pornopolitimann kan ein berre tenkje seg.

Førebels er det uvisst korleis kondomlova vil bli rulla ut i praksis. Med tanke på den enorme produksjonen er det mange som ikkje trur at delstaten vil ha ressursar til å handheve lova.

Det er ikkje tvil om at skatteinntekter er dyrbare for Los Angeles. California er ein av statane som har blitt råka hardast etter finanskrisa som braut ut i 2008.

Duke meiner sexindustrien er eit lett bytte for politikarane å score politiske poeng på.

– Dette er det første steget staten gjer for å styre måten ein lagar filmar på. Det er tydeleg at styresmaktene blandar seg inn i ting dei ikkje har noko med. Fordi industrien handlar om sex, er den sårbar og enkel å angripe, seier Duke til LA Times.

Las Vegas kan ta over

Det vert spekulert i om lovendringa vil føre til at Las Vegas tek over rolla som pornohovudstaden i USA. Delstaden Nevada har i dag dei mest liberale sexlovane i landet. Det er til dømes den einaste delstaten der prostitusjon er lovleg. I tillegg arrangerer Las Vegas årleg ein stor pornomesse.

Men syndenes by er kanskje ikkje så syndig som den ein gong var. Ettersom befolkninga i Las Vegas har blitt eldre, og kasinoane har blitt meir underhaldning enn luguber verksemd, har staten blitt meir og meir sosialt konservativ.

Innbyggjarane i Nevada har mellom anna stemt imot homofilt ekteskap og legalisering av marihuana.

– Dette er ikkje teikn på det gamle liberalistiske Nevada. Styresmaktene har så langt ikkje gjort noko for å tiltrekkje seg deler av pornoindustrien, seier historieprofessor ved College of Southern Nevada, Michael Green.