Populære feriemål vert ramma av overturisme

Turistane har blitt ei plage fleire stader. Det kan gje grunn til å tenke nytt. Globetrotteren Gunnar Garfors kjem med alternative reisemål om du vil prøve ut nye stader.

Feriemål overturisme

Santorini, Dubrovnik, Barcelona og Venezia har alle opplevd dei negative sidene ved turismen.

Foto: Halvard Alvik/Marko Djurica/Albert Gea/Manuel Silvestri / Scanpix (FRB)/Reuters/Reuters/Reuters

Ein auke i talet på tilbod frå lågprisflyselskap dei siste åra har senka kostnadene for å reise og oppleve verda.

Tal frå Verdsbanken syner at turismen har hatt ei enorm auke sidan 2009, frå 900 millionar registrerte reiser i året, til 1,245 milliardar i 2016.

Gunnar Garfors

Gunnar Garfors har vore i alle verdas land. Han gir deg tips til kvar du bør reise i sommar.

Foto: Privat

Nokre turistmål opplever ei ekstremt stor påkjenning, som har konsekvensar både for lokalbefolkning, miljø og infrastruktur.

No har myndigheitene i fleire land tatt grep i eit forsøk på å avgrense dei negative innverknadene av turismen.

Barcelona, Spania

Ein av byane som har opplevd størst auke i talet besøkande, er Barcelona. I 2016 besøkte totalt 34 millionar turistar den katalanske hovudstaden, ein auke på 25 prosent frå 2012.

Det har ført til svært stor misnøye blant byens innbyggarar. Fleire stader i byen kan ein finne graffiti med eit stikk til turistane.

Grafitti mot turister, Barcelona

«Turist: Din luksuriøse reise. Min daglege elende», står det skreve med graffiti på ein stein i Barcelona.

Foto: Josep Lago / AFP

I kjernen av misnøya ligg delingstenesta Airbnb, som har pressa innbyggjarane i byen ut av heimane sine til fordel for turistane.

Turister ved Sagrada familia

Sagrada Familia er ein av dei mest populære turistattraksjonane i Barcelona.

Foto: Lluis Gene / AFP

For å svare på misnøya har lokale myndigheiter bestemt seg for å avgrense talet på besøkande.

I tillegg til innføring av turistskatt for utanlandske tilreisande, vedtok myndigheitene i fjor ei lov som avgrensar bygging av nye hotell og stopp i utskriving av lisensar til bustader meint for turistinnkvartering.

– Ikkje Barcelona, men Madrid

Globetrotter Gunnar Garfors har vore i alle verdas land. Han meiner Madrid er eit vel så bra reisemål om du først planlegg ein ferietur til Spania.

– Du reiser ikkje til Barcelona for å sitje på den overbefolka stranda likevel, så kvifor ikkje reise inn i landet? Madrid er langt mindre turistifisert enn Barcelona, og tilbyr eit mykje meir variert restaurant- og utelivstilbod. Sug inn impulsane i multikulturelle Lavapies eller kos deg i dei smale, fargerike gatene i gamlebyen La Latina. Og besøk for all del ein av matmarknadene for å kjøpe med deg vellagra skinke. Nam!

SPAIN-TOURISM/ Tourists take a selfie in front of Madrid's famous landmark Puerta de Alcala

To turistar tek ein selfie framfor landemerket Puearta de Alcala i Madrid.

Foto: SERGIO PEREZ / Reuters

Dubrovnik, Kroatia

Mange fekk auga opp for den kroatiske kystperla Dubrovnik etter at byen blei brukt som innspelingsstad for HBO-suksessen Game of Thrones.

No har UNESCO truga med å fjerne byen frå Verdsarvlista, for å avgrense den enorme tilstrøyminga av turistar som har oppstått i etterkant av serien.

A general view of Croatia's UNESCO protected medieval town of Dubrovnik

Mange kjenner Dubrovnik best som den fiktive byen «Kings Landing» i HBO-serien Game of Thrones.

Foto: Marko Djurica / Reuters

Også myndigheitene i landet har bestemt seg for å prøve å få bukt med problemet. Ordføraren i Dubrovnik har mellom anna annonsert at han ønskjer å kutte talet på cruiseskip som kan legge til kai i hamna.

I 2016 kom nærmare 800.000 besøkande med cruiseskip, og dei fleste av dei blei i byen i mindre enn tre timar.

– Ikkje Dubrovnik, men Istanbul

Med mindre du er ihuga Game of Thrones-tilhengar, anbefaler Garfors deg å ta turen til Istanbul i staden for.

– Storbyen har det Dubrovnik har, men så veldig mykje meir til ein rimelegare penge. Utforsk marknadene eller den omfattande kafékulturen i Kadiköy på Asiasida, ta eit gammalt passasjerskip til øyane 10–20 kilometer sørover, eller nyt strendene ved Kumköy i Svartehavet. Skal du feste, er det Taksim i Europa som gjeld. Det aller beste er gatefestane som startar rundt midnatt. Då strøymer folk ut i gågatene som drikk, skvaldrar og dansar.

TURKEY-LIFESTYLE-TOURISM-FEATURE

Besøk vakre Istanbul i staden for Dubrovnik. Der får du så å seie alt Dubrovnik har, berre til ein rimelegare penge.

Foto: YASIN AKGUL / AFP

Venezia, Italia

Trass i at Venezia berre ligg på ellevte plass over Italias største byar, er det landets desidert mest besøkte. Kvart år strøymer kring 30 millionar turistar til for å opplevde dei ikoniske kanalane og den historiske Markusplassen.

Tourists are seen at St. Mark's square in Venice

Markusplassen i Venezia er ein svært populær turistattraksjon.

Foto: Manuel Silvestri / Reuters

I 2017 tok dei lokale innbyggjarane i Venezia til gatene for å protestere mot dei mange turistane, som fyller gatene med selfiestenger og mobilkamera.

Turismen har hatt store konsekvensar for byens innbyggjartal, som er halvert dei siste 30 åra. I dag bur berre 55.000 menneske i det historiske sentrum av Venezia.

Ordføraren i byen planlegg no å hindre cruiseskip å komme gjennom Giudecca-kanalen, som leier inn til den populære Markusplassen.

I tillegg er det sett opp eigne fotgjengar-passasjar for innbyggjarane, og andre har eit Venezia Unica-kort.

Inngang for innbyggere Venezia

Skiltet viser til ein eigen passasje for Venezias innbyggjarar, som gir dei ein moglegheit til å sleppe de store folkemengdene av turistar.

Foto: Andrea Pattaro / AFP

– Ikkje Venezia, men Utrecht

– Ikkje berre er det langt færre turistar i det nederlandske sjarmtrollet, kanalbyen Utrecht, her er også eit imponerande utval av kaféar, restaurantar og utestader. Mange av kaféane og restaurantane har til og med terrassar ved kanalane. Det er ikkje mykje som slår eit glas medan ein ser på passerande båtar, kajakkar samt ein og annan irriterande veltrent, lokal symjar. Legg til nederlandsk sjarm, imponerande arkitektur, tettleiken av musikarar og kunstnarar, samt nærleiken til Amsterdam berre 40 kilometer unna, så er det lite å lure på. Og så må du sjølvsagt innom blomstermarknaden. Kan enkelt kombinerast med nokre dagar i den nederlandske hovudstaden, og Den Haag som også har kanalar å by på.

CYCLING-FRA-NED-TDF2015

Venezia byr på imponerande kanalar, men med store turistmengder kan det bli slitsamt. Gunnar Garfors anbefaler heller byen Utrecht i Nederland – den byr på flotte kanalar og ligg berre fire mil unna Amsterdam.

Foto: ERIC FEFERBERG / Afp

Santorini, Hellas

Dei kvitkalka landsbyane på klippene til Santorini er vanleg å sjå på postkort, reisebloggar og i sosiale medium. No er det populære turistmålet nær brestepunktet, grunna den store auken i talet på besøkande.

I 2017 reiste nesten to millionar turistar for å oppleve den spektakulære utsikta. 850.000 av dei kom med cruiseskip.

The sun sets on the Greek island of Santorini, Greece

Solnedgangen på Santorini har blitt verdskjent gjennom reisebloggar og kontoar på sosiale medium.

Foto: Cathal Mcnaughton / Reuters

Tilstrøyminga av turistar har lagt press på infrastrukturen til øya, som er konstruert for eit innbyggjartal på 25.000 menneske.

– Ikkje Santorini, men Aten og øya Kea

– Reis til Aten og nyt kafékulturen der ein dag eller to (men unngå sentrum og turistmaskinane nær Akropolis). Nattelivet i Aten er legendarisk, og du vert godt teken imot av dei lokale så lenge du held deg unna turistfellene midt i sentrum.

Greece Financial Crisis

Også Athen byr på flotte, kvitkalka bygningar. Gunnar Garfors råder likevel om å heller ta turen til øyane rundt, og unngå turistfellene i sentrum.

Foto: PETROS GIANNAKOURIS / Ap

– Deretter tek du båt til sjarmerande Kea som er ei av dei næraste øyane berre 40 minutt med båt frå fastlandet (frå byen Lavrio utanfor Athen). Det gjer at mange lokale reiser dit, medan turistar flest tydelegvis trur at det er for nær hovudstaden. For ein tabbe ... Meir tiltalande, avslappande og sjarmerande plass skal det godt gjerast å finne.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt