Hopp til innhold

Popstjerne spøkte om ureint vatn i Nilen – no blir ho stilt for retten

Den egyptiske popstjerna Sherine ymta spøkefullt under ein konsert at vatnet i Nilen var farleg å drikke. Dette har fått alvorlege konsekvensar for den populære artisten.

Sherine Adbel Wahab.

Sherine Abdel Wahab er ein av dei mest populære popartistane i Midtausten. No får ho ikkje lenger opptre i heimlandet Egypt.

Foto: Stringer / AFP

Det var under ein konsert i Dei sameinte arabiske emirata (UAE) i fjor Sherine Abdel Wahab kom med vitsen om Nilen. Ein tilhengjar i salen bad henne om å synge ein av dei mest populære songane hennar, som på norsk blir noko sånt som «Har du drukke av Nilen?»

Dette er ein song som handlar om kjærleiken til nettopp Nilen og til den egyptiske nasjonen.

Spreidde seg raskt

Sherine Abdel Wahab.

Den 37 år gamle artisten Sherine Abdel Wahab har sett sinna i kok i heimlandet Egypt.

Foto: Str / AFP

Sherine svarte på spøk: – Nei, du kjem til å få Schistosomiasis. Drikk Evian (fransk flaskevatn), det er betre.

Schistosomiasis, også kalla bilharzia, er ein farleg parasitt som har herja i Nilen i fleire tusen år. Parasitten er blant anna funne i 5000 år gamle mumiar. I fjor sette egyptiske styresmakter i gang ein storaksjon for å bli kvitt den farlege parasitten. (Sjå også faktaboks).

Ein video av seansen i UAE dukka opp på sosiale medium, og han spreidde seg raskt. Mange av tilhengjarane til Sherine i Egypt reagerte sterkt, og dei starta emneknaggen #IWillDrinkFromtheNileandWon'tListentoSherine# (Eg vil drikke av Nilen og ikkje høyre på Sherine).

Må møte i retten

Onsdag denne veka sa ein tenestemann ved ein domstol i Kairo at den 37 år gamle artisten er sikta for å ha brote egyptisk lov, ved å ha sett ut falske rykte som kan forstyrre lov og orden, føre til panikk blant folk eller øydeleggje landet sitt omdømme.

Den mektige fagforeininga til egyptiske artistar har gjort det klart at Sherine ikkje vil få opptre i landet så lenge etterforskinga mot henne går føre seg.

I tillegg har advokaten Samir Sabry gått til eit sivilt søksmål mot Sherine for å ha «skadd den egyptiske økonomien, terrorisert turistar og øydelagt for turistindustrien». Og unionen av egyptiske radio- og TV-stasjonar har også lagt ned forbod mot å spele songane hennar, ifølgje den britiske avisa The Guardian .

Ber om tilgjeving

Sjølv er Sherine Abdel Wahab utrøysteleg etter det som har skjedd. I eit innlegg på Facebook-sida si sist tysdag bad ho tilhengjarane sine om tilgjeving. Ho gjorde det klart at fråsegna om Nilen berre var ein dum spøk, og at ho er svært glad i landet sitt og i elva Nilen.

Det høyrer med til historia at Nilen er ei svært forureina elv, og at det ikkje er tilrådeleg å drikke vatnet.

Du kan lese meir om Nilen her .

SISTE NYTT

Siste nytt