Hopp til innhold

Popstjerne sjokkerte fansen med aprilspøk – sa han var smitta av koronavirus

Den sørkoreanske popstjerna Kim Jae-joong har beklaga aprilspøken på Instagram. Innlegget måtte slettast. Fansen blei sjokkert då han skreiv at han var smitta av koronaviruset.

20Zz2UbbMDE

Artist og skodespelar Kim Jae-joong poserer for pressa etter å ha vunne AFA Next Generation Award under Asian Film Awards i Hongkong i mars i fjor.

Foto: Kin Cheung / Kin Cheung

34 år gamle Kim Jae-joong, også kjent under namnet Jaejoong, er skodespelar og artist. Han er eit stort popidol i Sør-Korea, Japan og fleire andre land, mest kjent frå k-pop-gruppene TVXQ og JYJ.

Men aprilspøken hans, delt med nesten to millionar følgjarar på Instagram, skulle vise seg å bli altfor sterk kost for svært mange.

3pDxsk_qg2g

K-pop-gruppa JYJ spelar i Seoul under Asia-turneen i 2014.

Foto: Lee Jin-man / Lee Jin-man

Mange reagerte

I meldinga skreiv han at han var smitta av koronaviruset, og innlagd på sjukehus: «Eg er blitt smitta med covid-19. Det er eit resultat av at eg ikkje har vore nøye nok med å følgje åtvaringane frå styresmaktene og vennene mine.»

Det kom tusenvis av kommentarar til innlegget. Mange gav uttrykk for at dei var uroa for tilstanden hans.

Etter fleire timar redigerte han innlegget og skreiv at han hadde gått altfor langt. Han sa seg lei for det han hadde gjort, og takka samtidig fansen for å ha vist omsorg for han.

«Eg ser ikkje på dette som ein aprilspøk. Eg ville berre fortelje at når du tar vare på deg sjølv, tar du også vare på folk rundt deg.», skreiv han.

Popgruppa JYJ på scenen.

– Ikkje noko å fleipe med

I kommentarfeltet måtte han tole skarp kritikk for at han spøkte med noko så alvorleg.

«Ein spøk om koronavirus er slett ikkje morosamt, men barnsleg og kjenslelaust.», skreiv ein av følgjarane hans.

«Forstår du ikkje kor alvorleg dette er?» «Kva er feil med Kim Jae-joong? Forstår han ikkje alvoret?» var blant dei mange andre kommentarane.

På den sørkoreanske nettportalen Naver var «Kim Jae-joong» og «Kim Jae-joong aprilsnarr» blant dei mest brukte søkjeorda i timane etterpå, og debatten gjekk friskt om det eigentleg var ein spøk Kim Jae-joong prøvde seg på, eller om han kanskje heller ville få folk til å vere meir forsiktige.

Z25i5s8kr3E

Kim Jae-joong under Asian Film Awards i Hongkong i mars i fjor.

Foto: Kin Cheung / Kin Cheung

Får ikkje straff

Sør-Korea er hardt råka av koronaviruset. Ifølgje The Korea Centers for Disease Control and Prevention (KCDC) er nesten 10.000 smitta. Talet på døde steig til 169 onsdag.

Styresmaktene har åtvara folk mot å bruke korona som tema i aprilspøkar. Men KCDC har likevel ingen planar om å straffe popidolet etter spøken.

Kim Jae-joong var med i gruppa TVXQ mellom 2003 og 2009. Saman med to andre medlemmer forlèt han gruppa, og danna JYJ. Dei har selt millionar av plater.

SISTE NYTT

Siste nytt