Hopp til innhold

Ponomarjov vil ha russiske soldatar til Ukraina

Den sjølvutnemnde pro-russiske borgarmeisteren i Slavjansk i Ukraina, Vjatsjeslav Ponomarjov, seier det er naudsynt med russiske soldatar i regionen for å stabilisere situasjonen.

Separatistlederen Viasiljev Ponomarjov

Separatistleiaren Vjatsjeslav Ponomarjov vil ha russiske soldatar for å stabilisere situasjonen i Donetsk-regionen.

Foto: VASILY MAXIMOV / Afp

Ponomarjov held fram den kraftige retorikken mot styresmaktene i Kiev. Han ber den ukrainske hæren om å forlate regionen, og han lovar å forsvare territoriet sitt med makt.

Den sjølvutnemnde borgarmeisteren snakka til journalistar i kveld i hovudkvarteret sitt i Slavjansk, som er barrikadert med store mengder sandsekkar.

Folkerøysting

Avstemning om uavhengighet i Øst-Ukraina

Russland godkjenner folkerøystinga i Donetsk og Luhansk. USA og EU gjer det ikkje.

Foto: MARKO DJURICA / Reuters

Slavjansk er ein del av den nyleg proklamerte sjølvstendige republikken Donetsk. I går sa rundt 80 prosent av veljarane i området ja i ei hastig organisert folkerøysting til å krevje lausriving frå Ukraina.

Det viser seg likevel at mange i området er usikre på kva dei eigentleg har røysta ja til , om det er full sjølvstende frå Ukraina, utvida sjølvstyre eller å bli ein del av Russland. Ukraina og alle vestlege land har kalla folkerøystinga for illegitim, medan Russland seier dei vil respektere folkets vilje .

I kveld sa altså Vjatsjeslav Ponomarjov at området treng russiske soldatar for å skape stabilitet og fred i denne delen av Ukraina.

Ukrainske styresmakter har gjort det klart at om russiske soldatar skulle krysse grensa til Ukraina, så ville det bety krig.

Ber EU respektere resultat

Ein talsmann for russisk UD seier i kveld at EU bør respektere resultatet av folkerøystina i regionane Donetsk og Luhansk i Ukraina. Han seier også at dei nye sanksjonane frå EU er med på å «øydeleggje tilliten» til organisasjonen, og at sanksjonane sår tvil om «objektiviteten» overfor Ukraina.

I kveld kom også den offisielle amerikanske reaksjonen på folkerøystinga i Donetsk og Luhansk. Det kvite hus-talsmann Jay Carney sa at USA ikkje godkjenner resultatet.

– Vi er skuffa over at den russiske regjeringa ikkje gjorde noko for å stanse denne folkerøystinga, sa han blant anna. Carney kallar folkerøystingane for eit klart forsøk på å skape meir splid og bråk i det kriseramma landet.

LES OGSÅ: EU skjerper Russland-sanksjoner

LES OGSÅ: Truar med å stanse gassleveransane til Ukraina 3. juni