Hopp til innhold

Polsk krangel om markering av starten på andre verdskrigen

GDANSK (NRK): Søndag er det 80 år sidan Nazi-Tyskland angreip Polen. Det skjedde i hamnebyen Gdansk, men i år er markeringa flytta til hovudstaden Warszawa. Kritikarane fryktar at regjeringa med dette freistar skrive om historia.

Lech Walesa

FREMST I DEMONSTRASJONSTOGET: Fredsprisvinnar Lech Walesa feirar at det er 39 år sidan Solidaritetsrørsla fekk lov til å fagorganisere seg. Han fortel til NRK at han ikkje vil nøle med å stå først i nye demonstrasjonstog for å verne demokratiet i Polen.

Foto: NRK

Meir enn 3000 godt utstyrte tyske soldatar, støtta av krigsskip, fly og tungt artilleri skulle vere lett match mot 200 dårleg utrusta polakkar. Men dei 200 haldt ut ei heil veke, og denne heltehistoria blir kvart år markert i Gdansk.

Gdansk

Slagskipet SMS «Schleswig-Holstein» bombarderer den polske militærbasen Westerplatte i Gdansk.

Foto: Wikimedia commons

For ti år sidan, då det var 70-års markering, kom både Angela Merkel og Vladimir Putin til Gdansk for å halde tale.

Men i år hadde regjeringa andre planar. Utan å konsultere lokale styresmakter i Gdansk, flytta dei 80-års markeringa til hovudstaden Warszawa.

Professor ved universitetet i Hartford, Rebecca M. Townsend, meiner det er eit forsøk på å gjere seremonien meir nasjonalistisk og mindre inkluderande.

I år var ikkje Russlands president Vladimir Putin invitert, i staden skulle USAs Donald Trump kome, men han avlyste i siste liten på grunn å orkanen Dorian.

– Ynskjer å flytte fokuset vekk frå Gdansk

Når NRK besøker solidaritetssenteret i Gdansk, feirar dei at det er 39 år sidan solidaritetsrørsla fekk lov til å fagorganisere seg. Hausten i Polen er full av historiske markeringar.

Anna Mydlarska

Regjeringa ynskjer å flytte fokuset vekk frå Gdansk og alt det representerer, fortel filmmakar Anna Mydlarska til NRK.

Vi møter filmskaparen Anna Mydlarska som fortel at regjeringa forsøker å flytte fokus vekk frå Gdansk, som er høgborga til opposisjonen. Det er her EU-toppen Donald Tusk kjem ifrå og det er her fredsprisvinnar Lech Walesa har kontor.

– Dei har ingen arena her, men arbeider hardt med å bygge eit nytt museum, da kjem nok seremonien tilbake, fortel Mydlarska.

Eit regjeringskontrollert magasin går så langt som å hevde at Gdansk-eliten er landsforrædarar som ynskjer å bli tyske.

Laster Twitter-innhold

Lov og rettvisepartiet som har regjeringsmakta i Polen har blitt kritisert av EU for å tukle med grunnlova for å ta politisk kontroll over domstolane, media og andre viktige institusjonar.

I spissen for dette prosjektet står Jaroslaw Kaczyński, tvillingbroren til den polske presidenten som omkom i ei flyulukke i Smolensk i 2010. Formelt er han partileiar for det populistiske partiet PiS, men i Polen blir han rekna som mannen som har siste ordet i regjeringa.

Ein av Kaczyński sine største kritikarar er fredsprisvinnar Lech Walesa frå Gdansk.

Regjeringa uønskt i Gdansk

I andreetasje på solidaritetssenteret held Walesa hoff. Kvar dag tek han mot flokkar av historieinteresserte som vil ha ein selfie med dette historiske ikonet, NRK inkludert.

Han er uformelt kledd i ein genser der det står «grunnlov» på brystet med store bokstavar.

Roger Bruland Lech Walesa

NRK møter Lech Walesa: Med grunnlovsgenser og vernebriller tek fredsprisvinnar Lech Walesa imot NRK på sitt kontor. Brillene må han gå med av omsyn til synet.

Foto: NRK

Den gamle fagforeiningskjempa bryr seg ikkje så mykje om lokaliseringa av 80-års seremonien. Vil dei ha han i Warszawa, så er det jo trass alt hovudstaden.

Mange andre veteranar frå Solidaritet som NRK snakkar med går lenger: La regjeringa halde på i Warszawa, dei ville uansett ikkje få noko god mottaking i Gdansk!

– Vi er på veg mot nytt diktatur

Det tek ikkje lang tid før Walesa byrjar snakke om erkefienden Kaczyński, som tidlegare var Walesas stabssjef og nære samarbeidspartnar:

– For å seie det pent – han var flink å følgje ordre, men du kunne ikkje sette han i leiarposisjon, fortel Walesa til NRK.

Og han meiner Kaczyński manglar evne til å finne politiske løysingar som høver i vår tid:

– Er du misnøgd med rettsvesenet, kan du ikkje berre kvitte deg med det. Om hæren ikkje skulle vere den rette, så kan du ikkje berre løyse han opp, seier Walesa og viser til at snart 40 generalar har fått sparken frå det polske forsvaret.

Held det fram slik er vi på veg mot diktatur igjen, fortel Lech Walesa til NRK.

19203454989353

BITRE RIVALAR: Jaroslaw Kaczyński (til høgre) og Lech Walesa til venstre etter ei rettssak i 2010, der Walesa vart dømd til å be Kaczyński om orsaking for utsegn om Smolensk-ulukka.

Foto: Wojciech Strozyk / AP

– Vi trudde demokratiet skulle gå av seg sjølv

Anna Mydlarska fortel til NRK at ho for fem år sidan aldri trudde at ho igjen måtte kjempe for demokratiet:

– Vi trudde det skulle gå av seg sjølv, men den politiske utviklinga i Polen viser at vi ikkje kan slappe av når det gjeld demokrati og fridom.

Fredsprisvinnar Walesa oppfordrar alle til å nytte stemmeretten sin i oktober. Da er det val på ny nasjonalforsamling.

Klarar vi ikkje å bli kvitt denne regjeringa gjennom val, så må vi igjen byrje å streike og demonstrere, fortel Lech Walesa.

– Eg skal gå fremst i demonstrasjonstoget. For populisme kan vinne fram på kort sikt, men han vil aldri vare, fortel Lech Walesa til NRK.

SISTE NYTT

Siste nytt