Hopp til innhold

Handtrykket som sette fyr på Tyskland

BERLIN (NRK): Leiaren for Det kristelegdemokratiske partiet CDU i Tyskland, Annegret Kramp-Karrenbauer, trekker seg no som kanslarkandidat.

Gratulasjon i Thüringen

Eit handtrykk har sett sinna i kok i Tyskland. Det høgreradikale partiet AfD bidrog saman med det kristendemokratiske partiet CDU til at det liberale partiet FPD fekk regjeringsmakt.

Foto: HANNIBAL HANSCHKE / Reuters

Det er kjelder i det kristelegdemokratiske partiet som mandag fortel at Annegret Kramp-Karrenbauer seier ho vil ta inititaviet til eit leiarskifte allereie til sommaren.

Kramp-Karrenbauer har lenge vore den tyske forbundskanslaren Angela Merkels kandidat til ny tysk leiar når å sjøl etter planen trer tilbake i 2021.

Merkel skal ha bede Kram-Karrenbauer halde fram som forsvarsminister sjøl om ho trekk seg som leiar for CDU.

Årsaka til at Kramp-Karrenbauer no trekk seg er truleg kritikk mot hennar manglande evne til å styre partiet, mellom anna i samband med valet av ny delstadsguvernør i Thüringen.

Strid om etterløn

Bråket byrja i forrige veke da Thomas Kemmerich frå det liberale minipartiet FPD vart vald til regjeringssjef i delstaten Thüringen med margin på ei stemme.

Allereie på torsdag gjekk han av etter massiv kritikk frå politikarar over heile Tyskland.

Men han fekk ei saftig etterlønn på rundt ein million kroner for det korte engasjementet som ministerpresident. Ikkje så dårleg for ein politikar frå eit parti som så vidt klarte å kjempe seg over sperregrensa. Men Kemmerich har seinare sagt at han vil gi avkall på denne lønna.

– Leika med elden og sett fyr på landet

Voteringa i delstatsforsamlinga var hemmeleg, likevel var det lett å rekne seg fram til kven det var som hadde gjeve Kemmerich den knappe sigeren.

Det var det kontroversielle høgrenasjonalistiske partiet Alternativ for Tyskland (AfD). Men ikkje nok med det. Han hadde også fått støtte av lokalpolitikarar frå Merkel sitt eige parti Kristendemokratane (CDU).

Demonstrasjoner i Berlin

Partisamarbeidet i Thüringen førte til demonstrasjonar fleire stader i Tyskland. Her frå ein demonstrasjon utanfor FPDs hovudkvarter i Berlin på onsdag.

Foto: ANNEGRET HILSE

Det var første gang CDU hadde samarbeida med partiet dei gang på gang har sagt dei aldri ville samarbeide med, og skandalen var eit faktum. CDU og AfD hadde til og med konspirert på bakrommet for ta innersvingen på den sittande regjeringssjefen frå det venstreorienterte partiet Die Linke.

Forbundskanslar Angela Merkel var raskt ute med å fordømme det heile.

Under ein pressekonferanse i Sør-Afrika, sa ho at det som skjedde i Thüringen var utilgiveleg, og ho kravde delstatsforsamlinga oppløyst og utskriving av nyval.

– Det er ein dårleg dag for demokratiet, sa Merkel.

Generalsekretæren i CDU, Paul Ziemiak var enda tydelegare.

– FDP har leika med elden og sett fyr på landet.

Avisa Frankfurter Rundschau publiserte eit bilde av Kemmerich og AfDs Björn Höcke med overskrifta «Fascisten og verktøyet hans».

Laster Twitter-innhold

Bild brukte same bilde og kalla det «skammas handtrykk».

Laster Twitter-innhold

Onsdag kveld var det demonstrasjonar i fleire tyske byar, inkludert Hamburg, Leipzig, Berlin München og Erfurt.

I Berlin samla det seg over tusen menneske utanfor hovudkvarter til CDU og FDP.

Laster Twitter-innhold

Svært kontroversielt samarbeid

For dei etablerte partia i Tyskland har det i lang tid vore fullstendig uaktuelt å samarbeide med AfD, eit parti som er kritisk til mellom anna multikulturalisme og homofili.

Det som gjer vondt verre er at den lokale AfD-leiaren i Thüringen, Björn Höcke, tilhøyrer den ytre høgrefløya i partiet.

Björn Höcke

Den lokale leiaren for høgreradikale partiet AfD, Björn Höcke, samarbeidde med det kristendemokratiske partiet då Thomas Kemmerich med knappast mogleg fleirtal blei vald til statsminister i Thürhingen onsdag.

Foto: JENS SCHLUETER / AFP

Höcke har tidlegare sagt han ynskjer å avkriminalisere hatkriminalitet, og han er kritisk til måten Tyskland minnest Holocaust på. Ein tysk rett avgjorde i fjor haust at det var lovleg å kalle Höcke ein fascist.

Fryktar konsekvensane

I Thüringen har Kemmerich allereie gått av, og det vil truleg bli skrive ut nyval, noko politiske kommentatorar i Tyskland meiner berre AfD tene på. Og som igjen vil føre til ein meir fastlåst situasjon i delstatsforsamlinga.

Nasjonalt blir krisa i Thüringen kalla eit politisk jordskjelv og Merkels sosialdemokratiske koalisjonspartnarar har kalla inn til krisemøte på laurdag.

– Eg krev at Merkels CDU tek klar avstand frå AfD, sa sosialdemokratane sin leiar Norbert Walter-Borjans.

Partileder kaster blomster og går bort.

Da partia skulle overrekke blomar til den nyvalde regjeringssjefen i Thüringen, kasta Die Linkes Susanne Hennig-Wellsow buketten framfor føtene til Thomas Kemmerich.

Foto: HANNIBAL HANSCHKE / Reuters

Venstrefløypartiet Die Linke meiner lokalpolitikarane i CDU har brote eit tabu som vil få store følger også nasjonalt.

– Republikken er i fare, sa Katja Kipping, ein leiar i Die Linke.

For frykta er at AfD no vil prøve å kuppe dei politiske prosessane i Bundestagen.

AfD-leiaren Jörg Meuthen sa til avisa Frankfurter Allgemeine, at voteringa i Thüringen viste at det er liten avstand mellom partia CDU, FDP og AfD. Dette er fleirtalet til middelklassen, meiner han.

Fleire tyske kommentatorar dreg no parallellen tilbake til Tyskland på 30-talet og moderate politikarar si flørting med Adolf Hitler og nazismen. Medan andre igjen meiner at Tyskland i dag er i ein annan situasjon, og betre rusta til å takle høgreekstreme krefter.

SISTE NYTT

Siste nytt