Hopp til innhold

Politimann skaut og drap russisk ambassadør

Den russiske ambassadøren i Tyrkia, Andrej Karlov, er skoten og drepen i eit attentat i hovudstaden Ankara. Gjerningsmannen, ein tyrkisk politimann, er teken av dage.

Den russiske ambassadøren i Tyrkia, Andrej Karlov, er skutt og drept i et angrep i Ankara. Gjerningsmannen er en tyrkisk politimann.

VIDEO: Russisk ambassadør drepen i Ankara

Attentatet fann stad medan den russiske utsendingen heldt ein tale under opninga av ei utstilling i eit kunstgalleri i Ankara. Gjerningsmannen var kledd i mørk dress og slips. Den tyrkiske innanriksministeren seier at drapsmannen var politimann i byen. Andre kjelder seier han var 22 år gammal og jobba i opprørspolitiet.

Andrej Karlov skutt i Ankara

Gjerningsmannen var politimann, men var ikkje på jobb då ugjerninga skjedde.

Han skal ikkje ha vore på jobb då drapet skjedde.

Ei tyrkisk tryggingskjelde seier til Reuters at mykje tyder på at drapsmannen var med i nettverket til den USA-busette opposisjonspolitikaren Fethullah Gülen.

Gülen sjølv kallar i ei fråsegn angrepet for ei avskyeleg terrorhandling, men han peikar også på det han meiner er ei svekking av dei tyrkiske tryggingstenestene etter at så mange fekk sparken etter kuppforsøket tidlegare i år.

Ambassadøren vart skoten minst åtte gonger i ryggen, blir det opplyst. Angriparen ropte «Allahu Akbar» før han fyrte av skota. Han skal også ha ropt «Aleppo» og «hemn».

Omfattande protestar

Angrepet skjer dagen etter at det var omfattande protestar fleire stader i Tyrkia mot Russland si rolle i borgarkrigen i Syria.

Augevitne fortel at dei såg ambassadøren liggje på golvet, medan ein dresskledd person med våpen stod like ved han. Angriparen skal også ha ropt ut nokre ord på russisk, før han øydelagde fleire av bileta på utstillinga.

Det vart meldt tidleg attentatmannen seg inn i galleriet ved hjelp av ein politi-ID. Han skaut mot ambassadøren medan han heldt tale. Tre andre vart såra i skytinga, men ingen av dei fekk alvorlege skadar.

Nyheitsbyrået Anadolu melder at angriparen er «nøytralisert». Andre medium seier at han er skoten og drepen.

Attentat i Ankara.

Her ser vi gjerningsmannen bak til venstre. Biletet er teke like før skytinga starta.

Foto: Burhan Ozbilici / AP
Moskva-korrespondent Morten Jentoft i Dagsrevyen, om drapet på den Russiske ambassadøren.

VIDEO: Moskva-korrespondent Morten Jentoft om drapet på Russlands ambassadør i Tyrkia.

Ambassadøren ble skutt da han var til stede under åpningen av en utstilling i Ankara for å holde en tale, opplyser en fotograf fra nyhetsbyrået AP og tyrkisk fjernsyn.

VIDEO: Russisk ambassadør skoten i Ankara

Heftig skyting

Det kom lenge motstridande meldingar om det som skjedde på staden. Det skal ha vore heftig skyting etter attentatet, men situasjonen ropa seg fort ned. Det verkar ikkje som angriparen hadde medhjelparar inne på kunstgalleriet.

Tyrkiske styresmakter opplyser at dei vil auke vakthaldet rundt den russiske ambassaden, som følgje av det som har skjedd. Borgarmeisteren i Ankara seier at attentatet på den russiske ambassadøren var eit direkte angrep på forholdet mellom dei to landa.

CNN Turk melder at Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan ringde til sin russiske kollega Vladimir Putin i kveld «for å dele informasjon om angrepet».

Vladimir Putin seier i kveld at Russland saman med Tyrkia skal etterforske det som har skjedd, og at dei skal finne ut «kven som leidde handa til drapsmannen». Han gjer det klart at drapet var eit forsøk på å øydeleggje forholdet mellom dei to landa.

Al Jazeera melder at angriparen snakka om situasjonen i Syria etter skytinga. – Ikkje gløym Aleppo, ikkje gløym Syria. Alle som deltek i desse grufulle handlingane vil betale prisen for det, ein etter ein. Berre døden vil ta meg vekk herfrå, sa han blant anna.

Russland stadfestar

Det russiske utanriksdepartementet stadfesta like før klokka 1830 norsk tid at Andrej Karlov er død. Dei kallar det som har skjedd for eit terrorangrep.

Tyrkisk UD fordømer det dei kallar «eit nedrig terrorangrep på ambassadøren», og seier at dei ikkje vil tillate at attentatet skal kaste skugge over venskapen mellom Tyrkia og Russland.

Det amerikanske utanriksdepartementet var raskt ute med å fordømme attentatet mot den russiske ambassadøren, det same var FN. Også Nato-sjef Jens Stoltenberg har reagert sterkt på drapet, og det har også Storbritannias utanriksminister Boris Johnson gjort.

USA tilbyr seg å hjelpe til med etterforskinga av attentatet.

Ingen organisasjon har førebels teke på seg skulda for drapet på den russiske ambassadøren.

Ankara

SISTE NYTT

Siste nytt