NRK Meny
Normal

Politimann fekk livstid for drap

Ein gresk politimann som var tiltalt for drapet på ein 15 år gammal skuleelev i Aten i 2008, vart i dag dømd til fengsel på livstid for forsettleg drap.

Den drepte 15-åringen, Alexandros Grigoropoulos, og åstedet han ble skutt og drept.

15 år gamle Alexis Grigoropoulos vart skoten og drepen i desember 2008.

Foto: LOUISA GOULIAMAKI / Scanpix/AFP

15-år gamle Alexis Grigoropoulus vart skoten og drepen under ein demonstrasjon i bydelen Exarchia i den greske hovudstaden i desember 2008.

Drapet førde til omfattande samanstøytar mellom demonstrantar og politi, som heldt på i fleire veker.

Politimannen, Epaminondas Korkoneas, risikerer fengsel på livstid. Straffeutmålinga blir kjend seinare i dag. Ein kollega av han vart dømd for medverknad til drapet.

Forsvaren til Korkoneas, Alexis Kougias, seier det som skjedde var eit tragisk uhell. Politiet skaut varselskot for å stanse steinkastande ungdomar, sa han, og det var ikkje meininga å skyte mot nokon.

Rettssaka har halde på i ni månader.

Drapet på 15-åringen førde til omfattande uro i Aten.

Det var omfattande uro i Aten i fleire veker etter at 15-åringen vart skoten og drepen av ein politimann.

Foto: ARIS MESSINIS / AFP


Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt