NRK Meny
Normal

Politikarar i USA vil boikotte OL

Femten kongressmedlem frå begge parti vil boikotte opningsseremonien på grunn av Kina sine brot på menneskerettane.

Medlemmene av Kongressen samlet
Foto: CHARLES DHARAPAK / AP

Både demokratar og republikkanarar meiner at USA bør boikotte opningsseremonien under Bejing OL.

Ber Bush halde seg unna

15 kollegaar i den amerikanske kongressen har denne veka skreve brev til George W. Bush der dei ber han droppe seremonien på grunn av Kina si handsaming av opposisjonelle og brot på menneskerettane i Tibet.

- President Bush bør ikkje vise kinesiske styresmakter respekt ved å delta i opningsseremonien i Beijing, seier dei.

Tibetanske demonstrantar tok allereie for fleire veker sidan oppstilling utanfor den amerikanske ambassaden i Washington.

Må slutte å drepe

- Kinesiske styresmakter viser ikkje nok verdigheit til å få lov til å arrangere OL. Dei må slutte å ta livet av menneske, seier ein av demonstrantane.

President Busch held så langt fast på at han vil delta under opningsseremonien 8. august.

Siste ord er heilt sikkert ikkje sagt. Enkelte amerikanske forskarar meiner dei olympiske leikane i Kina til vil bli dei mest politisk turbulente i OL-historia.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt