Hopp til innhold

To døde i opptøyar på Sri Lanka

138 skal vere skadd og to døde i valdelege opptøyar på Sri Lanka. Landets statsminister har trekt seg som følge av samanstøytane dei siste vekene.

På Sri Lankas hovudstad Colombo har det den siste tida vore mykje uro og valdelege samanstøyt. Landet er inne i si verste økonomisk krise sidan landet blei uavhengig i 1948.

Ein medlem av parlamentet skal ha drepe ein som demonstrerte mot regjeringa. Deretter tok han sitt eige liv, ifølge politiet. Det melder nyheitsbyrået AFP.

Vedkommande, som skal ha høyrt til regjeringspartiet, skal ha opna eld mot to personar som blokkerte bilen hans. Ein av dei døydde av skadane.

– Parlamentsmedlemmen flykta frå staden og søkte tilflukt i ein bygning i nærleiken. Tusenvis omringa bygningen, og han tok deretter livet sitt med revolveren sin, seier politiet på telefon til AFP.

Regjeringsstøttande motdemonstranter riv ned telta til demonstrantane som er mot det noverande regimet i ei gate i hovudstaden Colombo på Sri Lanka 9. mai 2022.

Tilhengarar av regjeringa storma telta til demonstrantane som er mot det noverande regimet i ei gate i hovudstaden Colombo 9. mai 2022.

Foto: DINUKA LIYANAWATTE / Reuters

Ifølge ein talsperson for sjukehuset i Colombo er 138 personar innlagde med skadar frå demonstrasjonane som følge av opptøyane måndag.

Tidlegare måndag blei det kjent at statsminister Mahindra Rajapaksa går av, noko fleire av demonstrantane har kravd.

Det har også blitt innført portforbod på ubestemt tid i Colombo og Kotte.

Alvorlege økonomiske problem

Sri Lanka, som ligg utanfor kysten av India, er i alvorlege økonomiske problem. Landets 22 millionar innbyggarar har opplevd langvarige straumbrot, inflasjon, og mangel på mat, drivstoff og legemiddel.

Det er blant årsakene til demonstrasjonane, der tusenvis har deltatt med krav om at regjeringa går av. Dei meiner regjeringa ikkje har handtert krisa godt nok.

Ein demonstrant blir lagt i bakken av politiet under samanstøtet mellom demonstranter og regjeringsstøttane motdemonstranter i hovudstaden Colombo på Sri Lanka 9. mai 2022.

Ein demonstrant blir lagt i bakken av politiet.

Foto: DINUKA LIYANAWATTE / Reuters

Ifølge FN er det utanlandsgjeld, korrupsjon og koronapandemien som i all hovudsak har ramma landets økonomi.

Politiet skal ha forsøkt å få ein slutt på demonstrasjonane ved å bruke tåregass og vasskanonar mot folk. Fleire skal ha fått pusteproblem etter å ha pusta inn gass, skriv Reuters.

19. april skaut og drap politiet ein demonstrant og såra ti andre, ifølge AFP. Demonstrantane skal ha blokkert ein motorveg i Rambukkana då politiet begynte å skyte.

Statsministeren går av

Som følge av opptøyane trekk Mahindra Rajapaksa seg som statsminister, skriv NTB. Han skal ha sendt ein søknad om avskjed til veslebroren Gotabaya, som er president.

Sri Lankas president Mahinda Rajapaksa

Statsminister Mahindra Rajapaksa har blitt skulda for korrupsjon.

Foto: Rafiq Maqbool / AP

– Eg går av med augeblikkeleg verknad slik at du kan peike ut ei fleirpartiregjering for å styre landet ut av den pågåande økonomiske krisa, skriv 76-åringen brevet ifølge AFP.

Rajapaksa-familien styrte Sri Lanka også mellom 2005 og 2015.

Landets største opposisjonsparti har tidlegare sagt at dei ikkje vil delta i ei regjering med nokre medlemmer frå «Rajapaksa-klanen».

Les også Voldsomme opptøyer og regjeringskrise: Hva skjer på Sri Lanka?

Demonstranter med flagg på Sri Lanka

SISTE NYTT

Siste nytt