Hopp til innhold

Politiet utan drivstoff i 24 timar

Greske politibilar var utan drivstoff i 24 timar måndag på grunn av ein konflikt mellom selskapet Hellenic Petroleum og den greske hæren.

Hellenic Petroleum har gåande ein tvist med den greske hæren om ein drivstoffavtale verd 43 millionar euro, vel 320 millionar norske kroner. I går stansa selskapet også leveransane til politiet, melder den greske nettavisa Etkathimerini.com .

I dag gjekk Hellenic Petroleum med på, som ei mellombels løysing, å fylle opp politiet sine drivstoffdepot. Men selskapet gjorde det klart at dei ikkje vil ta opp att leveransane til hæren.

Den greske regjeringa har gjort det klart at også brannvesenet og kystvakta vil få drivstoff frå politiet sine depot fram til det er inngått ein avtale mellom Hellenic Petroleum og det greske forsvarsdepartementet.

SISTE NYTT

Siste nytt