NRK Meny
Normal

Politiet tok han på senga

Den italienske mafiatoppen Rocco Trimboli vart pågripen før soloppgang tysdag morgon, då politiet aksjonerte mot bunkeren hans i Casignana i Calabria.

Video 'Ndrangheta-boss arrestert i Italia

VIDEO: 'Ndrangheta-boss arrestert i Italia.

Den godt planlagde politiaksjonen kom totalt overraskande på 'Ndrangheta-leiaren Rocco Trimboli, medan han sov i den underjordiske bunkeren under eit vanleg bustadhus i byen. Politiet har rekna han for å vere ein av dei farlegaste forbrytarane på flukt i Italia.

Nøkkelfigur i 'Ndrangheta

Politiet gjekk til aksjon før soloppgang.

Politiet gjekk til aksjon før det vart lyst tysdag morgon.

Foto: RAI / EVN

Den italienske påtalemakta meiner han har vore ein nøkkelfigur i 'Ndranghetas stadig aukande aktivitet i dei nordlege regionane Piemonte og Lombardia.

Den kalabriske 'Ndrangheta, som har hovudbasen sin i Calabria, heilt på tåspissen av det italienske fastlandet, har dei siste åra vakse seg stadig større og mektigare i Italia.

Organisasjonen har rykte på seg for å vere endå meir valdeleg og nådelaus enn Cosa Nostra-mafiaen på Sicilia og Camorraen i Napoli-området.

LES OGSÅ: Mafiaen største bedrifta i Italia

LES OGSÅ: Mafiaboss teken etter 16 år

Frå sør til nord

Statsadvokaten i reggio Calabria, Nicola Gratteri, opplyser at Trimboli høyrer til ein kjend mafiafamilie, og at han har vore kriminell heilt sidan barndomen. Dei siste åra skal han ha vore ein hovudmann i 'Ndranghetas stadig meir omseggripande kokaintrafikk.

Politiet meiner Rocco Trimboili har styrt kokaintrafikken frå Calabria til det nordlege Italia frå skjulestaden sin i Casignana. Han har vore på rømmen sidan mai 2010. No må han rett i fengsel for å sone ein dom på 11 års fengsel for narkotikabrotsverk.

Det er venta at statsadvokaten også vil tiltale 45-åringen for å vere del av eit kriminelt nettverk.

LES OGSÅ: 140 pågrepet i mafiaraid i Italia

LES OGSÅ: Min mafia er større enn din

Vart teken på senga

Politiet gjekk til aksjon før det vart lyst tysdag morgon. I ly av nattemørkret tok dei seg inn i villaen og ned i kjellaren. Der fann dei nedgangen til ein underjordisk bunker, og den ettersøkte forbrytaren vart bokstaveleg teken på senga.

Politiet vil ikkje seie noko om korleis dei visste at Trimboli oppheldt seg i dette huset. 'Ndrangheta-mafiaen er kjend som svært brutal mot tystarar, og det er derfor normalt vanskeleg for politiet å skaffe seg informantar internt i organisasjonen.

Politiet sine bilete frå bunkeren.

Politiet sine bilete frå den underjordiske bunkeren der Rocco Trimboli heldt seg i skjul.

Foto: RAI / EVN

LES OGSÅ: Italiensk mafiaboss tatt etter 14 år på rømmen

LES OGSÅ: Trur mafiaen står bak søppel-uro

LES OGSÅ: Mafia-bombeekspert arrestert

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt