Hopp til innhold

Politiet stadfestar: Tova (19) funnen død

Tova Moberg (19), som forsvann natt til laurdag, er funnen død. Tre menn som var mistenkte for bortføring, er no sikta for drap.

Ein person er funnen død i samband med leiteaksjonen etter ei sakna 19 år gammal kvinne i Sverige. Politiet seier at alt tydar på at det er Tova Moberg som er funnen omkomen.

Politiet seier at alt tydar på at det er Tova Moberg som er funnen omkomen.

Ifølge nyheitsbyrået TT vart ein person funnen død i 02:30-tida natt til tysdag. Politiet fann den døde då dei undersøkte ein gard sør i Hudiksvall kommune måndag kveld. Politiet har blant anna leita med lyskastarar i ein innsjø i området.

Tova Moberg

Tova Moberg bur i Njutånger, sør for Hudiksvall.

Foto: Polisen Gävleborg

– Alt tydar på at det er den sakna Tova Moberg som er funnen, sa Christer Nordström som er pressetalsmann for politiet i region Mitt til Aftonbladet.

Christer Sammens frå den svenske påtalemakta stadfestar at det var Moberg som vart funnen.

– Eg kan stadfeste at Tova er funnen. Det gjer at siktinga no handlar om drap, seier Sammens.

19 år gamle Tova Moberg har vært savnet siden natt til søndag. Nå er tre menn i 20-årene pågrepet, mistenkt for bortføring.

Politiet har leita etter 19-åringen med hundar og helikopter.

– Såg mørkkledde menn

Faren til den sakna Tova Moberg skriv på si facebookside at det er dottera som er funnen død.

Ein nabo til der leiteaksjonen skjedde fortel blant anna at han såg tre mørkkledde menn i ein båt laurdag kveld.

– Det verka ikkje som dei fiska, men dei oppførte seg merkeleg. Det er vanskeleg å sette fingeren på kva det var, men eg reagerte, seier Ulf Slaaen til Aftonbladet.

19-åringen skal ha ei kopling til garden via ein kjenning som bur der, ifølge avisa. Garden ligg i eit skogområde ved ein sjø.

Kjente dei tre mennene frå skulen

Avisa skreiv på måndag kveld at tre menn vart arresterte same morgon. Dei tre arresterte mennene er i 20-åra og er mistenkte for bortføring, opplyste politiet i Midt-Sverige til TT.

Den unge kvinna kjem frå ein tettstad i Hälsingland og vart meldt sakna laurdag kveld.

Ifølge Aftonbladet skal dei tre mennene ha blitt kjent med Tova på grunnskulen, der dei gjekk nokre år over henne. Ingen av dei skal vere tidlegare straffedømde for alvorleg kriminalitet, og alle tre nektar straffskuld.

– Skulle på fest

Ifølge venene til Tova, som Aftonbladet har snakka med, hadde 19-åringen planar om å gå på ein fest hos ein klassekamerat på laurdag kveld.

Moberg forsvann truleg rundt midnatt, og vart sist sett av vener rundt klokka 21.30 på laurdag i Hudiksvall-området, skriv Expressen.

Situasjonen gjorde at politiet og familien bestemte seg for å gå ut med namn og bilete i håp om å finne henne.

SISTE NYTT

Siste nytt