Hopp til innhold

Politiet søkte etter mann som hadde sete fengsla i fleire veker

Politiet seier at dei leita etter ein farleg valdsmann då dei skaut ein 20-åring med Downs syndrom. Ifølgje Aftonbladet sat mannen allereie i varetekt.

Eric Torell

Eric Torell hadde Downs syndrom og autisme, og blei skoten og drepen av politiet i Stockholm torsdag førre veke.

Foto: SVT

20-åringen Eric Torell hadde ein leikepistol i handa, då han vart skoten og drepen av politiet i Vasastan i Stockholm, torsdag førre veke.

Etter hendinga sa politiet at dei leita etter ein ekstremt farleg valdsmann, som dei trudde var i området. Måndag kveld melder Aftonbladet at den aktuelle mannen allereie sat i varetekt på politihuset Kronoberg, då Torell vart skoten.

Blomster

Drapet på Eric Torell har vekt sterke reaksjonar i Sverige. Søndag vart det halde ei minnemarkering.

Foto: Stina Stjernkvist / AFP

«Kjend av politiet»

Politiet rykte ut då dei fekk melding om at det var ein væpna mann i området. Dei tok meldinga på alvor sidan det hadde vore ein trugselsituasjon i same område tidlegare. Ifølgje Expressen kan politiet ha fått feil informasjon på veg til staden.

Hol i glaset

Bilete viser eit hol i ei glasdør i området der Eric Torell vart skoten. 20-åringen blei skoten av tre politifolk.

Foto: Janerik Henriksson / AFP

Aftonbladet skriv at ei kvinne skal ha blitt truga av eks-kjærasten sin i det same området i april. Kvinna skal ha ringt politiet då ho fann ein gjenstand under bilen sin, og politiet brukte ein bombe-robot for å sprenge gjenstanden.

– Han vert sett på som ekstremt farleg og kjent av politiet. Han har tidlegare truga med å skyte politiet, har ei kjelde tidlegare sagt til Aftonbladet.

Ifølgje fleire uavhengige kjelder trudde politiet at det var denne mannen som var i nabolaget torsdags morgon.

Set i varetekt

Ifølgje Expressen skal Dagens Nyheter ha skrive at det var kvinna som sjølv ringde politiet og slo alarm. Seinare trekte avisa tilbake desse opplysningane.

Expressen har vore i kontakt med kvinna, og skriv at verken den mistenkte mannen eller kvinna hadde vore i området denne morgonen.

– Eksen min er arrestert, og eg bur ikkje eingong der, seier kvinna til Expressen.

Den mistenkte mannen har sete fengsla sidan i vår. Han ventar på ein dom, etter at han nyleg var i tingretten, skulda for grove trugslar mot kvinna.

På spørsmål om han kjenner til at mannen politiet leita etter allereie sat fengsla på politihuset, seier pressetalsmann for politiet Lars Byström følgjande:

– Det har eg inga meining om. Alt sånt må de ta med aktor, som kanskje stiller desse spørsmåla til kollegaer.

Politiet har beklaga drapet, og seier at dei vurderer å sjå nærare på korleis dei skal handtere personar med diagnosar.

Katarina Södermalm forteller at hun ikke forstår hvorfor politiet ikke kunne skyte sønnen hennes i leggen eller et varselskudd. Torsdag ble hennes 20 år gamle sønn med Downs syndrom skutt og drept etter at politiet i Sverige oppfattet ham som truende med en lekepistol.

SISTE NYTT

Siste nytt