Politiet overvakar isolert øy der amerikansk misjonær vart drepen

Indisk politi har dei siste dagane nærma seg den isolerte øya Nord-Sentinel i Bengalbukta frå lufta og sjøvegen. Det var her amerikanske John Allen Chau vart drepen av innbyggjarane då han prøvde å kome seg i land på øya 17. november.

Innbyggjar frå Nord-Sentinel.

I 2004 flaug eit redningshelikopter over Nord-Sentinel etter tsunamien. Då trua ein av innbyggjarane dei med pil og boge.

Foto: Handout / AFP

Den 26 år gamle eventyraren og sjølvutnemnde misjonæren Chau vart drepen for ni dagar sidan då han tok seg i land på øya , truleg den mest isolerte folkesette øya i verda. Sentinel er ein del av Andaman- og Nikobar-øyane i Bengalbukta i Indiahavet.

Indisk politi samarbeider med sosialantropologar og fiskarar frå nærliggjande øyer i håp om å greie å finne liket av den amerikanske statsborgaren. Dei vil også prøve å finne ut om det er mogleg å sikte ein frå stammefolket for drapet, men det er lite truleg dei vil greie det.

Menn med pil og boge

Eventyrar og misjonær John Allen Chau.

Eventyraren og misjonæren John Allen Chau vart drepen då han tok seg i land på Nord-Sentinel 17. november i år.

Foto: Social Media / Reuters

Sist fredag kom med ein båt med politifolk og nokre fiskarar frå naboøyer seg rundt 300 meter frå stranda på Nord-Sentinel. Dei såg fem eller seks menn utstyrte med pil og boge inne på stranda, og dei såg ut til å vere veldig på vakt. Dei heldt heilt tydeleg auge med dei framande.

To av fiskarane som var saman med politiet var med på å setje John Allen Chau i land på den forbodne øya, og dei har fortalt at dei såg at amerikanaren vart gravlagd inne på land 18. november.

– Dette er den mest unike saka eg har jobba med i heile min karriere i politiet, seier politisjefen for Andamanøyane, Dependra Pathak til den britiske avisa The Guardian . Han kom til dei avsidesliggjande øyane frå ei leiarstilling i trafikkpolitiet i hovudstaden New Delhi.

Han fortel at dei har greidd å lage seg ei kartskisse over området der Chau vart drepen.

VIDEO: Farleg øy i Indiahavet.

Vil ikkje ha kontakt

Det har lenge vore forbode å ta seg inn til den isolerte øya Nord-Sentinel. Innbyggjarane der, truleg rundt 100 i talet, vil ikkje ha kontakt med omverda, og heller ikkje sosialantropologar har fått kome på land.

I 2006 gjekk ein fiskebåt på grunn ved øya, og begge to fiskarane om bord vart drepne av innbyggjarane. Stammefolket grov lika ned i sanden. Men etter ei veke vart dei gravne opp igjen. Då hengde dei lika opp på ein bambusstake med ansikta vende mot havet.

Dersom dei gjer det same med Chau, kan det vere einaste måten å få liket hans ut frå den isolerte øya, seier politisjefen.

Dependra Pathak seier at dei har opna ei kriminaletterforskinga av drapet på Chau, men at det er uklart om det er mogleg å tiltale nokon for det.

Den isolerte øya Nord-Sentinel

Nord-Sentinel i Bengalbukta i Indiahavet er eitt av dei mest isolerte samfunna i verda.

Foto: Gautam Singh / AP

– Ei sårbar gruppe

– Regjeringa har erklært øya som eit stengt område, ingen har lov til å gå i land der. Vi må hugse på at det er snakk om ei svært lita gruppe menneske, og at dei er sårbare. Chau sa at han ville fortelje dei om Jesus, stikk i strid med det øybuarane ville, seier sosialantropologen Kanchan Mukhopadhya.

Sju fiskarar er tiltalte for å hjelpt den amerikanske misjonæren i land på den forbodne øya. Han kom seg inn på stranda, men vart straks jaga ut igjen av stammemedlemer.

Neste dag tok han seg inn på øya i ein kajakk, og då tok dei livet av han. To fiskarar såg at Chau vart dregen bortover stranda, og at han vart gravlagd morgonen etter.

I fred for omverda

Sentinel-øyane, og spesielt den nordlege øya, er truleg eit av dei mest isolerte samfunna i verda. Dei greidde å halde unna både det britiske kolonistyret og indiske styresmakter, slik at alle forsøk på å integrere øya med resten av samfunnet har mislukkast.

I 1996 erklærte indiske styresmakter ei stengt sone rundt øya, slik at øybuarane i tråd med eige ynskje skulle få vere i fred for omverda.

Laster kart, vennligst vent...
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt