Politiet nyttar «den brende jords taktikk» i jakta på siciliansk playboy-drapsmann

Italiensk politi seier det berre er eit tidsspørsmål før den nye sterke mannen i den sicilianske mafiaen, Matteo Messina Denaro, blir arrestert. – Vi nyttar «den brende jords taktikk» rundt han, seier oberst Rocco Lopane.

Matteo Messina Denaro

Slik kan Matteo Messina Denaro sjå ut i dag, meiner italiensk politi. Biletet er ein dataanimasjon basert på eldre bilete og vitneutsegner.

Foto: Alessandro Fucarini / AP

Matteo Messina Denaro (56) har vore på flukt frå politiet i 25 år. Etter at dei gamle Cosa Nostra-toppane Bernardo «Traktoren» Provenzano og Salvatore «Udyret» Riina begge døydde i fengselet i 2016 og 2017, er Denaro av mange sett på som den nye sterke mannen i den illgjetne sicilianske mafiaen.

Oberst Rocco Lopane, som leier jakta på den nye mafiatoppen, seier fredag til den franske avisa Le Figaro at dei har arrestert dei fleste nøkkelpersonane i nettverket til Denaro. Han kjenner seg trygg på at dei har han snart.

Matteo Messina Denaro.

Eit eldre bilete av Matteo Messina Denaro av ukjent opphav.

Foto: AP

– Nettet snører seg saman rundt han. Vi brukar den brende jords taktikk, og før eller seinare tek vi han. Det er ei æressak for oss, seier han til avisa.

I skjul sidan 1995

Mykje tyder på at mafiatoppen er klar over at politiet nærmar seg. Han har halde seg i skjul heilt sidan 1995, men no er mange av dei som har hjelpt han med å vere usynleg, sjølve bak lås og slå. Blant dei er fleire nære slektningar, slik som svogeren Rosario Allegra.

Politiet har greidd å få tak i ein av dei siste «pizzini» Denaro har skrive. «Pizzini» er handskrivne beskjedar i kode, som mafiatoppane brukar for å kommunisere med hjelparane sine. I denne meldinga heiter det blant anna:

«Dei har arrestert hjelparane mine, deira hjelparar og hjelparane deira igjen».

Matteo Messina Denaro har faktisk aldri vore i fengsel, trass i ein mafia-CV som kan ta pusten frå dei fleste. Han er ettersøkt for fleire brutale drap, men hittil har han greidd å halde seg på frifot. Politiet trur at han, i motsetning til mange av forgjengarane sine, ikkje har ein fast tilhaldsstad, men at han er på stadig flyttefot.

Rosario Allegra.

Svogeren Rosario Allegra var ein av 22 nære medarbeidarar av Denaro som vart arresterte i april i år.

Foto: Alessandro Fucarini / AFP

– Omsynslaus playboy

 Bernardo Provenzano i 2006.

Bernardo «Traktoren» Provenzano døydde i fengselet i 2016. Dette biletet er frå 2006.

Foto: Stringer/italy / Reuters

Han blir karakterisert som ein omsynslaus playboy-mafioso. Han var kjent for å like å vise seg saman med vakre kvinner og køyre Porsche og andre raske bilar. Dyre solbriller og elegante dressar frå Armani og Versace høyrde også med. Det blir fortalt at han ein gong tok livet av ein siciliansk hotelleigar, som sette seg imot at han tok med mindreårige jenter på hotellrommet.

Matteo Messina Denaro vart fødd inn i den kjende mafia-familien Denaro i 1962. Faren Francesco Messina Denaro, mest kjend som Don Ciccio, var leiar for Cosa Nostra i Trapani-regionen. Han var ein nær alliert av Salvatore Riina.

Matteo fekk ei tradisjonell mafia-utdanning. Han lærte å behandle eit våpen før han var 14, og då han runda 18 var han alt ansvarleg for fleire drap. Ifølgje Wikipedia har han stått bak minst 50 drap. Han skal blant anna ha teke livet av ein rivaliserande mafiaboss, før han kvelte den gravide kjæraste hans.

– Eg har fylt ein kyrkjegard heilt åleine, skal han ein gong ha sagt.

Giovanni Falcone (t.v.) og Paolo Borsellino.

Dei to antimafia-statsadvokatane Giovanni Falcone (t.v.) og Paolo Borsellino vart drepne i to bombeangrep i 1992. Politiet trur Matteo Messina Denaro var involvert i drapa.

Foto: Alessandro Fucarini / AP

– Drap på mafiatopp var symbolsk handling

Terrorkampanje

Don Ciccio døydde av naturlege årsaker i 1998, og då starta sonen raskt å stige i gradene. I 2001 var han øvste sjef for Trapani-mafiaen. Denne greina har vore rekna som den mektigaste i Cosa Nostra utanfor Palermo-området.

Denaro skal også ha spelt ei viktig rolle i mafiaen sin terrorkampanje mot den italienske staten i 1992 og 1993. Cosa Nostra ville prøve å tvinge italienske styresmakter til å stanse krigen mot mafiaen ved å gjennomføre fleire spektakulære bombeangrep.

Drapa på statsadvokatane Giovanni Falcone og Paolo Borsellino er dei mest kjende, men dei gjennomførte også fleire andre angrep der minst ti vart drepne og over 90 såra. Denaro er dømd til fengsel på livstid «in absentia» for si rolle i desse angrepa.

Cosa Nostra-topp skulle snakke – trekte seg i siste liten

Salvatore Riina i 1993.

Mafiatoppen Salvatore «Udyret» Riina under rettssaka mot han i 1993. Han døydde av kreft i fengselet i 2017. Han sona 16 livstidsdommar.

Foto: Alessandro Fucarini / AFP

Ein viktig figur

Italiensk politi veit at Matteo Messina Denaro er ein viktig figur i den sicilianske mafiaen, men dei er langt frå sikre på at det er han som trekkjer i alle trådar. Fleire ekspertar meiner at det er lite truleg at Cosa Nostra igjen satsar på å ha ein mann på toppen, slik det var i Provenzano og Riina si tid. Dei trur organisasjonen no har ein flatare maktstruktur enn tidlegare.

Det blir sagt at Denaro er eit viktig bindeledd mellom den gamle og den nye generasjonen i Cosa Nostra.

Ein avhoppar har fortalt politiet at han møtte Denaro i 2014. Han seier at han ikkje lenger brukte briller, at håret hans ikkje hadde blitt grått. Eitt av kallenamna til Denaro er «Den nærsynte», og før gjekk han alltid med sterke briller.

SISTE NYTT

Siste nytt