NRK Meny
Normal

Politiet meiner etnistet ikkje er viktig

Kva land dei som utfører overgrep og trakasserer kvinner kjem frå, er heilt irrelevant å fortelje folk. Det meiner politiet i Stockholm.

Varg Gyllander

HELD TILBAKE: Pressesjef i politiet i Stockholm, Varg Gyllander, seier dei skulle informert betre om det dei visste. Men han meiner etnisitet ikkje er alltid er relevant å opplyse om.

Foto: SVT

– Vi vil i framtida kommunisere betre ut informasjonen vi sit på, men vi kjem ikkje, så langt eg veit, til å fortelje om nasjonalitet i slike saker. Det meiner eg ikkje er relevant for sakene, seier pressesjef i politiet i Stockholm, Varg Gyllander.

Politiet i Stockholm har fått massiv kritikk etter at dei ikkje gjekk ut med informasjonen dei hadde om at jenter vart utsette for overgrep på ein stor ungdomsfestival.

Det kjem stadig fleire historier fram frå jenter som fortel om menn som har omringa dei, teke dei på rumpa og brysta, og trakassert dei. Politiet vert no granska for å nettopp ikkje ha informert om sakene dei visste om.

– Nasjonalitet er ikkje viktig

– Det skal ha vore afghanske menn som stod på trakasseringa. Visste politiet om dette?

– Det er komplisert for oss. Vi i det svenske politiet har ei haldning om at vi aldri opplyser

Kvinner demonstrerer i Köln

KAMP: 'Mot sexisme, mot rasisme' står det på plakatane til demonstrantar i Köln.

Foto: ROBERTO PFEIL / Afp

om nasjonalitet, om det ikkje er relevant for saka, seier Gyllander.

– Vil de i framtida gå ut med etnisiteten?

– Eg meiner det ikkje er relevant.

I Tyskland fekk politiet i Köln tysdag åtte nye meldingar frå kvinner som kjende seg trakasserte under nyttårsfeiringa i byen. Dermed har tysk politi motteke over 561 meldingar frå same område, melder NTB.

Politisjefen måtte gå av etter handteringa av desse sakene.

Kvinnene i Tyskland har forklart til politiet at dei som gjennomførte overgrepa skal ha vore unge menn mellom 18 og 35 år, med «arabisk eller nordafrikansk» utsjånad. Fleire av dei skal ha vore fulle.

Asylpolitikken får gjennomgå

Politiet i den tyske byen har til no etterforska tolv menn. Fem av desse er arresterte for lovbrot som tjuveri.

Desse sakene, både i Sverige og Tyskland har fått debatten til å koke om

Kimberley Pettersson snakker med SVT

UTSETT: Kimberley Pettersson meiner ho vart utsett for trakassering på festivalen 'We Are Stockholm'.

Foto: SVT / SVT

konsekvensane av asylpolitikken landa fører. Berre Tyskland tok imot 1,1 millionar asylsøkjarar i 2015.

Fleire har teke til ordet for at dei som utfører denne forma for trakassering mot kvinner, har eit forkvakla kvinnesyn.

– Det er ei skandale at dette ikkje har kome fram tidlegare, seier samfunnsdebattant Shabana Rehman.

Oppretta berre ei sak

– Vi kjende til både frivillige og politi på staden, og dei som var på vakt denne helga melde ikkje inn at det hadde vore ei uroleg helg. Dei fekk berre inn 13 meldingar i løpet av helga, seier pressesjefen i det svenske politiet.

Han legg til at det var over 800 000 menneske samla til festivalen «We are Stockholm» i sommar, og at dei då reknar 13 meldingar som lite.

Gyllander meiner også at dei informerte om at ein må vere ekstra vakne i store folkemengder.

– Artistane kunne også informere om dette frå scena til publikum, seier han.

Etter denne helga vart det berre oppretta ei sak, resten vart lagde vekk.

– Det er svært vanskeleg å bevise slike saker, og i nokre av sakene fann vi ikkje gjerningsmannen.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt