Hopp til innhold

Politiet i Uvalde blir etterforska etter skuleskyting

Styresmaktene etterforskar kvifor det tok så lang tid før politiet aksjonerte då 19 elevar og to lærarar blei drepne ved ein barneskule i Texas.

School shooting at Robb Elementary in Uvalde, Texas

Politiet i Uvalde har fått kritikk fordi dei brukte for lang tid før dei aksjonerte mot gjerningsmannen under masseskytinga tysdag.

Foto: Pete Luna/Uvalde Leader-News / Reuters

Medan ein 18 år gammal mann skaut og drap 19 barn og to vaksne ved ein barneskule i Texas tysdag, venta fortvila foreldre utanfor saman med nesten 20 politibetjentar som ikkje ville aksjonere.

Dei venta i nesten ein time før dei gjekk inn og skaut gjerningsmannen.

Laurdag starta Texas Department of Public Safety (DPS) ei etterforsking av massakren, melder Reuters. Dei skal blant anna undersøke kva den lange responstida hadde å seie for omfanget av tragedien.

Dei skal også undersøke motivet for ugjerninga.

Steven C. McCraw

DPS-direktør Steven McCraw er kritisk til politiets responstid under masseskytinga.

Foto: CHANDAN KHANNA / AFP

Debatt om våpenlover

USA har ein grunnlovfesta rett til å bere våpen. Men skuleskytingar og masseskytingar har gjort at fleire amerikanarar har ønska seg ei innstramming i lovgjevinga.

Blant dei som har teke til orde for ei innstramming er demokraten Beto O'Rourke, som prøvde å bli presidentkandidat i 2020.

– Det vi kunne gjort, om vi valde å gjere det, er å slutte å selje våpen som er laga for å bli brukt i krig til vanlege folk, sa han til NRK i forbindelse med ein demonstrasjon mot den mektige våpenorganisasjonen National Rifle Association (NRA) i Houston i Texas.

Beto O'Rourke

Beto O'Rourke møter pressa under demonstrasjonane i Houston.

Foto: Lars Os / NRK

Fleire artistar og politikarar har reagert kraftig på at NRA valde å gjennomføre ein planlagd konferanse i Houston, få dagar etter skytetragedien i Uvalde. Det er drygt fire timar i bil mellom dei to byane.

Les også Donald Trump talte på møte om våpenloven

Ein av dei som deltok på konferansen var den republikanske senatoren Ted Cruz frå Texas.

– Eg skal delta på konferansen. Etter kvar masseskyting prøver demokratane og media å demonisere våpenlovene og NRA. NRA står opp for retten vår til å beskytte familien. Dersom nokon kjem til huset ditt, har du rett til å forsvare deg og barnet ditt. Det er det NRA forsvarer, sa han.

Ted Cruz på talerstolen under NRA-møtet i Houston.

Den republikanske senatoren Ted Cruz var blant talarane på NRA-møtet i Houston.

Foto: Brandon Bell / AFP

Søndag reiser president Joe Biden til Uvalde. Då er det venta at også han skal ta til orde for strengare våpenkontroll, melder AFP.

Les også Biden vil ta oppgjør med våpenlobbyen: – Det er på tide å snu smerten til handling

Lei av politikarar

Skytinga ved barneskulen i Uvalde pregar heile lokalsamfunnet i byen. Mange sørger over å ha mista nokon i familien eller nokon dei kjente.

Ein av dei som sørger er Shane Rehman, som flytta til byen for nokre år sidan, og har blitt kjent med mange der.

– Eg kjenner familiar her, og alle er stolte av det vi har, seier han til NRK.

Shane Rehman

Shane Rehman ber om at både politikarar og turistar respekterer dei sørgande familiane i Uvalde.

Foto: Lars Os / NRK

Men alt det politiske bråket som har kome i kjølvatnet av hendinga, har han lite til over for.

– Akkurat no treng dette lokalsamfunnet mindre politikk og meir tru og kjærleik. Vi treng ikkje politikarar som kjem til byen for å halde pressekonferansar. Vi treng ikkje folk som ropar om kven som har skulda. Det har ikkje noko å seie. Det gjer meg kvalm, seier Rehman.

Shane Rehman skriver en hilsen på et kors til minne om de døde i masseskyting i Uvalde.

Shane Rehman skriv ei melding på eitt av korsa som er sett opp til minne om dei omkomne i masseskytinga i Uvalde.

Foto: Lars Os / NRK

Les også Stormet skolen for å redde barna sine – politiet ventet i gangen

SISTE NYTT

Siste nytt