Hopp til innhold

Politiet i Italia jagar bombemann

Politiet i Italia har sirkla inn ein mistenkt etter bomba som tok livet av ein 16-åring laurdag.

Begravelse etter bombeeksplosjon i Italia

Den 16 år gamle jenta som vart drepen i bombeeksplosjonen laurdag vart gravlagt i går. I dag seier politiet at dei har ein mistenkt.

Foto: Antonio Calanni / Ap

Politiet trur dei veit identiteten til ein mann som var filma av eit overvakingskamera. På videobileta skal dei ha sett han aktivere ein fjernkontroll, som sette i gong bomba. Mannen handla truleg åleine.

Han forsvann straks frå staden, men politiet har avhøyrt broren hans, ifølgje ein anonym talsperson for styresmaktene.

Det er spekulasjonar rundt at mafiaen står bak åtaket, men dette er ikkje stadfesta frå styresmaktene.

Hadde på seg moteriktige klede

Utydelege bilete av den middelaldrande mannen var publisert i ei lokal avis i Brindisi i dag. Han har på seg ei mørk jakke, lyse bukser og moderne sko.

Dei nye opplysningane kom dagen etter at den 16 år gamle jenta vart gravlagt i heimbyen Mesagne utanfor Brindisi.

Den italienske statsministeren, Mario Monti, drog heim tidlegare frå NATO-toppmøtet i USA for å delta i gravlegginga. Det skjedde berre ein dag etter at Italia opplevde sitt verste jordskjelv på fleire år.

Alle offera var skuleelevar

16 år gamle Melissa Bassi vart drepen og 10 andre vart skada då to bomber eksploderte ved ei skule i Brindisi i Sør-Italia. Alle ofra var elevar ved skulen. Ifølgje myndigheitene blei det funne to gassflasker i ein konteinar ved skulen.

Etterforskarar set åtaket i samanheng med nylege mafia-aktivitetar i byen, inkludert ei bombing av bilen til ein lokal aktivist.

Video Bombe på skole i Italia

NETT-TV: Brannmenn inspiserer åstaden for eksplosjonane utanfor skulen i Brindisi.

SISTE NYTT

Siste nytt