NRK Meny
Normal

Politiet har gjort funn i ubåtsaka

Dansk politi har gjort funn i sjøen som kan vere den drepne journalisten Kim Wall. I dag får vi truleg vete kva dei har funne.

Politiet i København holder pressekonferanse relatert til ubåtsaken

Politiet i København har kalla inn til ein pressekonferanse laurdag.

I august fann dansk politi eit kvinnelik i sjøen utanfor København. Men liket mangla hovud, armar og bein. Liket viste seg å vere den sakna svenske journalisten Kim Wall. Fredag fann dykkarar det som kan vere resten av den lemlesta kroppen, skriv Ekstra Bladet.

Kim Wall forsvann under ein tur i ubåten til den danske oppfinnaren Peter Madsen. Etter funnet i august blei Madsen sikta for overlagt drap.

Søking etter restene av Kim Wall

Politiet fann eit lemlesta kvinnelik utanfor København i august, som viste seg å vere den sakna svenske journalisten Kim Wall. No kan dei ha funne resten av liket.

Foto: Mads Claus Rasmussen / Scanpix Danmark / NTB scanpix

Politiet i København vil ikkje kommentere kva dei har funne i sjøen, men har kalla inn til ein pressekonferanse laurdag. På eit bilde teke av ein fotograf frå Ekstra Bladet, kan ein sjå det politiet har funne pakka inn i grøn presenning.

Laster Twitter-innhold

Ekstra Bladet skriv at etterforskingsleiaren av ubåtsaka, visepolitiinspektør Jens Møller Jensen personleg var på staden då funnet blei sendt til rettsmedisinsk institutt i København.

Jens Møller Jensen

Etterforskingsleiar Jens Møller Jensen er ordknapp overfor Ekstra Bladet om kva dei har funne i sjøen.

Foto: Johan Nilsson/TT / NTB scanpix

Søk nær tidlegare funn

Dei nye funna er gjort om lag halvannan kilometer frå staden der torsoen blei funnen i august. Politiet har leita etter dei manglande kroppsdelane med fleire dykkarsøk i området. Peter Madsen seier Kim Wall døydde ved eit uhell då ho fekk ei jernluke i hovudet. Han nektar også for å ha partert liket, og seier han kasta henne heil i havet.

Men då varetektsfengslinga av Madsen blei forlenga tidlegare denne veka, kom det fram at det blei funne små restar etter feitt og muskelvev og knoklar på kjeledressen hans. Dette er bevis som strir mot forklaringa hans om at han ikkje parterte liket.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt