Hopp til innhold

Politiet gjeninntok parlamentet

Politiet i Moldova tok i morgontimane i dag kontroll over parlamentet og kontora til presidenten. 193 menneske er arresterte.

Politiet har igjen teke kontroll over parlamentet i Moldova

Politiet har igjen kontroll over parlamentet og bygningen der presidenten sine kontor er.

Foto: Gleb Garanich / REUTERS

Politiet seier at dei no har full kontroll over heile hovudstaden Chisinau.

Rundt 10.000 deltok i går i ein storstild demonstrasjon mot at det regjerande kommunistpartiet vart utpeikt som vinnar av parlamentsvalet sist søndag.

No truar presidenten med bruk av makt dersom demonstrasjonane mot valresultatet held fram.

Ut av kontroll

Demonstrasjonen kom ut av kontroll, og ei gruppe greidde å trengje seg inn i parlamentet og i kontora til presidenten.
Hærverk

Studenter demonstrerer i Chisinau i Moldova

Målet til desse unge demonstrantane er å blil kvitt det kommunistiske styresettet i Moldova.

Foto: Radu Sigheti / REUTERS

Det vart gjort hærverk på bygningane, og det vart sett fyr på ei fløy av parlamentet. Demonstrantane nekta å forlate bygningane, og ei gruppe vart verande heilt til i dag tidleg.

Då gjekk politiet inn og arresterte inntrengjarane.

Uroa det siste døgnet er den mest alvorlege uroa i Moldova, rekna som det fattigaste landet i Europa, på mange år.

Opposisjonen har kravd at valet sist søndag blir annulert, men dette er avvist av kommunistpartiet. Valobservatørar frå EU har sagt at valet gjekk stort sett greitt føre seg.

Ukraina og Georgia

Demonstrantan i Moldova er inspirerte av dei fredelege maktovertakingane som gjekk føre seg i dei tidlegare sovjetstatane Ukraina og Georgia. Eit av dei mest vanlege slagorda blant demonstrantane har vore "Vi er lei av kommunismen".

Styresmaktene lovde likevel å iverksette ei ny oppteljing av røystene frå valet.

Spørsmålet er om dette er nok til å tilfredsstille dei utolmodige demonstrantane. Ein talsmann for opposisjonen seier at dei vil halde fram demonstrasjonane i Chisinau heilt til valet sist helg blir annulert.

Opposisjonsleiaren Vlad Filat seier i dag at han reknar med at den kommunistiske regjeringa kjem til å slå hardt til mot opposisjonen. Han seier også at han har fått informasjon om at valkommisjonen nektar å telje opp røystene frå valet på nytt.

Truar med maktbruk

Demonstranar utanfor parlamentet i Chisinau i natt.

Demonstrantar utanfor parlamentet i Chisinau i Moldova i natt.

Foto: Gleb Garanich / REUTERS

I dag skuldar den moldoviske presidenten Vladimir Voronin nabolandet Romania for å støtte demonstrantane mot regjeringa, og han erklærer Romanias ambassadør til Moldova for uønskt i landet.

Det å utvise ein ambassadør er eit er ein svært alvorleg diplomtisk reaksjon.

I ettermiddag stengde landet grensa mot Moldova for alle utanlandske borgarar.

Voronin gjer det også klart at han er i ferd med å misse tolmodet med demonstrantane som i går inntok kontora hans og sette fyr på ei fløy av parlamentet.

Russland har vist sterk støtte til regjeringa i Moldova i denne saka. I ei fråsegn i dag heiter det at kravet om nyval i landet er absolutt grunnlaust.

Voronin gjer det også klart at han er i ferd med å misse tolmodet med demonstrantane som i går inntok kontora hans og sette fyr på ei fløy av parlamentet.

- Vi vil ikkje nøle med å bruke makt om det kjem til slike demonstrasjonar igjen, seier Voronin.

Moldovas president Vladimir Voronin

Moldovas president Vladimir Voronin truar med maktbruk mot demonstrantar.

Foto: Gleb Garanich / REUTERS

SISTE NYTT

Siste nytt