Hopp til innhold

Politibil sprengt utanfor politistasjonen i Malmö – 22-åring sikta

Ein mann er sikta etter at ein politibil blei sprengt i Malmö i Sverige fredag kveld. – Eit angrep på heile rettssystemet, seier politisjef. Justisministeren lovar streng straff.

Ein parkert politibil har sprengt i Malmö sentrum

To menn på 22 og 26 år var først arresterte mistenkt for å ha stått bak sprenginga.

Rundt klokka 4 natt til laurdag, slepte politiet 26-åringen laus, mens den 22 år gamle mannen har fått status som sikta for allmennfarleg øydelegging.

Svensk politi vil ikkje seie noko om korleis mannen stiller seg til siktinga.

– Eg vil ikkje gå inn på detaljar. Men vi har vitneavhøyr og bevismateriale som vi analyserer nå, seier operasjonsleiar ved Malmöpolitiet til SVT.

Motivet bak hendinga er førebels uklart.

Politibilen sto parkert utanfor politistasjonen aust i Malmö sentrum då bilen sprengde. Politiet fekk melding om eksplosjonen klokka 19.25.

Augevitne fortel til SVT at det var ein kraftig eksplosjon ved politihuset ved Värnhemstorget i Malmö. Dei har og sagt at dei såg ein mann som sprang vekk frå staden på omtrent same tid som eksplosjonen skjedde.

Politifolk utenfor politistasjon i Malmö

UTANFOR POLITISTASJONEN: Politibilen blei sprengt like utanfor éin av politistasjonane i Malmö.

Foto: Johan Nilsson/TT / NTB scanpix

Store skader

SVTs reporter på staden, Mikal Nilsson seier det er store skader på politibilen.

– Panseret er pressa opp, det er sprengingsskadar og ei knust bakrute på bilen. Heile bilen er ikkje øydelagt, men den fremre delen, seier Nilsson. Han seier også at det er metalldeler og splintar i ein stor omkrins.

Sprenginga kunne høyrast over store deler av bydelen Värnhem. Naboar seier dei kjente vibrasjonane inne i leilegheita, seier han. Ein familie som kom forbi både såg og høyrde eksplosjonen.

– Dei fortalde at det var masse røyk, og at det lukta krut. Til alt hell blei ingen av dei skadde, seier Nilsson.

Kriminalteknikarar og den svenske bombegruppa jobbar på staden.

– Latterleg kraftig

Eit vitne som Aftonbladet har prata med seier at han høyrde eit kraftig smell og at leilegheita hans lyste opp av eksplosjonen.

– Det var latterleg kraftig, og det ryk framleis frå motorhovudet på bilen. Det er jo så mykje fyrverkeri, men dette var noko langt kraftigare, seier vitnet.

Politiets bombegruppe ved sprengt politibil i Malmö

BOMBEGRUPPE: Bombegruppa til det svenske politiet undersøker staden der bilen blei sprengt.

Foto: Johan Nilsson/TT / NTB scanpix

– Angrep på rettssystemet

Politiet aukar no beredskapen og overvakinga av andre politistasjonar, seier politiområdesjef Andy Roberts i Malmö Nord til Aftonbladet.

Roberts seier at dei no ser nærare på og analyserer overvakingsbilda etter eksplosjonen.

– Det er eit angrep på heile rettssystemet når ein sprenger ein politibil på denne måten. Alle tilgjengelege ressursar er kalla inn, fortel Roberts.

Politibil sprengt i Malmø

Varslar strengare straffer

Den svenske justisministeren Morgan Johansson (S) fordømmer angrepet, og lovar streng straff.

– At kriminelle angrip dei som arbeider for vår tryggleik, kan vi aldri akseptere. 1. januar vert straffa for grovt våpenbrott og grov illegal omgang med eksplosiv, skjerpt. Vi kjem og til å skjerpe straffa for åtak mot blålyspersonell, skriv han.

Laster Twitter-innhold

SISTE NYTT

Siste nytt