Aksjonen, som politiet har gitt namnet Operasjon Elveden, skjer i samband med etterforskinga av telefonavlyttingsskandalen i britiske tabloidpresse i fjor.
Denne gongen gjeld det skuldingar om at tilsette i mediehuset News International skal ha gitt pengar til politifolk mot å få hemmelege opplysningar om kjendisar og ei sakna jente. Denne jenta vart seinare funnen drepen.
Fire pågripne i dag
Tabloidavisa News of The World, som var ein del av News International, måtte leggje ned etter at det vart kjent at journalistane i avisa hadde nytta ulovleg avlytting av telefonar i arbeidet sitt.
Ein 29 år gammal politimann vart pågripen på arbeidsstaden sin, ein politistasjon i sentrum av London. Dei tre andre arresterte vart alle pågripne i heimane sine. Det gjeld ein 48 år gammal mann frå Nord-London, ein 48-åring frå Essex og ein 56-åring, også han frå Essex.
BBC melder at det er snakk om tre noverande og tidlegare journalistar i tabloidavisa The Sun, som også er eigd av News International.
Ransakinga av heimane til dei pågripne, pluss kontorlokala til New International i Wapping i Aust-London, er venta å halde på utover dagen, opplyser ein talsmann for London Metropolitan Police til nyheitsbyrået Reuters.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Pnleg sak
Hittil er 12 personar pågripne i samband med avlyttingsskandalen i News International. Saka har vore pinleg både for pressa, styresmaktene og politiet.
Det er avslørt at fleire britiske toppolitikarar har hatt nært samband med redaktørar somo har vore innblanda i avlyttingsskandalen. Det har også kome fram at politiet fleire gonger har droppa å etterforske påstandar om ulovleg telefonavlytting.
Ei talskvinne for News International seier til Reuters at ho vil ikkje kommentere den pågåande politiaksjonen mot selskapet.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: