Hopp til innhold

Heidelberg: Ei kvinne drepen etter mann skaut med gevær i førelesingssal

Ein person er drepen etter ein mann skaut og skadde fleire i ein førelesingssal ved Heidelberg-universitetet i Tyskland. Gjerningsmannen er også død.

APTOPIX Germany Shooting

Politiet sikrar spor etter hendinga ved universitetet i Heidelberg.

Foto: Michael Probst / AP

Ein person blei drepen då ein mann skaut med eit gevær inne i ein førelesingssal på universitetet i Heidelberg i Tyskland.

Gjerningsmannen, ein 18 år gammal tyskar, var sjølv biologistudent ved universitetet og tok sitt eige liv etter skytinga.

18-åringen skal ha sendt ei melding via appen «WhatsApp» like før skytinga der han skreiv at «folk må bli straffa no», opplyser politiet.

Scholz: – Knuser hjarta mitt

Forbundskanslaren i Tyskland, Olaf Scholz, seier på ein pressekonferanse i Berlin at tankane hans er hjå offera, slektningane deira og studentane ved universitetet.

– Det knuser hjarta mitt å høyre slike nyheiter, seier han.

Fire personar blei skadde under skytinga.

Avisa Bild skriv at det var ei 23 år gammal kvinne som seinare døydde av skadene.

Olaf Scholz

Olaf Scholz, forbundskanslaren i Tyskland.

Foto: HANNIBAL HANSCHKE / AFP

Ikkje politiske eller religiøse motiv

Den første meldinga om skyting ved universitet i Heidelberg kom like før klokka 1330 måndag, melde nettavisa Heidelberg24. Politiet sperra av eit større område.

Så langt meiner politiet at mannen ikkje hadde politiske eller religiøse motiv for ugjerninga. Gjerningspersonen hadde heller ikkje rulleblad.

Måndag ettermiddag var det framleis spesialstyrkar frå politiet på åstaden. Dei heldt fram med å søke i området. Men dei reknar med at det ikkje er fleire gjerningsmenn, skriv Bild.

Politi i Heidelberg etter skyting ved universitetet

Politiet søkte i området rundt universitetet måndag ettermiddag. Men dei reknar med at gjerningsmannen var aleine.

Foto: R.Priebe / AP

Uoversiktleg område

Den botaniske hagen og delar av universitetssjukehuset ligg i området der angrepet skjedde.

Det er mange smale stiar mellom dei ulike bygga, og det skal ha gjort situasjonen uoversiktleg for politiet, melder Südwestrundfunk.

Universitetet har bede studentane om å halde seg borte frå universitetsområdet inntil vidare.

Heidelberg-universitetet er eitt av dei eldste og mest anerkjende universiteta i Tyskland.

Både Universitetet i Oslo, samt Universitet i Bergen, har utvekslingsavtale med universitetet i Heidelberg.

Universitet i Oslo opplyser til NRK at dei ikkje har studentar på utveksling der no. UiB informerer om det same.

NRK melde tidlegare i dag at gjerningsmannen køyrde inn i ei folkemengd. Det var basert på feilaktige opplysningar. NRK melde også tidlegare om at to personar, i tillegg til gjerningsmannen, døydde etter skytinga. Det riktige er at ein person døydde av skadene etter skytinga, og at gjerningsmannen også er død.

Politiaksjon i Heidelberg

Politiet ved Heidelberg-universitetet etter at ein person skaut rundt seg i ein forelesingssal.

Foto: R.Priebe / AP

SISTE NYTT

Siste nytt