– Transport? Ja. Eksport? Ja. Ustabilitet og destabilisering av den polske marknaden? Nei.
Det sa den polske statsministeren Mateusz Morawiecki i eit intervju sendt på den polske TV-kanalen Polsat News onsdag kveld.
Morawiecki annonserte med det at landet vil slutte å sende våpen til Ukraina.
Han oppgir to grunnar til kvifor. Usemje i ein kornavtale og at dei treng våpena sjølv.
STØTTER UKRAINA: Polens statsminister Mateusz Morawiecki stanser våpeneksporten til Ukraina, men stiller seg framleis på ukrainsk side i krigen.
Foto: KACPER PEMPEL / ReutersTorsdag uttalte derimot president Andrzej Duda at statsministerens utsegn om stans i våpenstøtta til Ukraina, er mistolka, melder AFP.
– Mateusz Morawieckis ord vart tolka på verst mogleg vis. Etter mi meining meinte statsministeren at me ikkje vil gi dei nye våpena som me for tida kjøper for å modernisera den polske hæren, sa Duda til TV-stasjonen TVN24 TV torsdag.
Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj og Polens president Andrzej Duda frå eit tidlegare møte.
Foto: Efrem Lukatsky / APSolidaritetsveg
Etter at krigen braut ut i Ukraina i fjor, har det vore vanskeleg å eksportere korn frå Ukraina til andre land i Europa.
Difor valde EU i mai å innføre solidaritetsvegar gjennom Europa – for å få frakta det ukrainske kornet utan å gå gjennom Svartehavet, og for å styrke Ukrainas økonomi.
Det blei enda vanskelegare i juli. Då nekta Russland å vidareføre kornavtalen som sikrar ukrainske skip med korn, trygg ferdsel gjennom Svartehavet. Ukraina er difor no ekstra avhengige av solidaritetsvegane.
Ukrainsk korneksport har ført til usemje mellom Ukraina og nabolanda. På biletet tar ein arbeidarar ein analyse i eit ukrainsk skip som har lagt til Istanbul.
Foto: YASIN AKGUL / AFPPrisfall
Men desse korridorane har ført til at det ukrainske kornet har hopa seg opp i dei sentraleuropeiske transittlanda. Dette har ført til overflod av, og prisfall på, korn, som igjen har ramma lokale bønder, som no rapporterer om underskot.
For å beskytte nabolanda sine landbruk, innførte EU eit mellombels forbod mot import av ukrainsk korn til Polen, Bulgaria, Romania, Ungarn og Slovakia.
Men førre veke blei forbodet oppheva. Dermed skal Ukraina igjen få sende kornet sitt gjennom dei europeiske nabolanda.
I Romania demonstrerte bønder i april mot EU-vedtaket om billegare ukrainsk korn, som pressa prisane i nabolanda.
Foto: DANIEL MIHAILESCU / AFPFortvilte bønder
Polen, Ungarn og Slovakia trassar dette, og vidarefører eigne forbod. I tillegg ber Romania EU om å forlenge forbodet, melder Reuters. Bulgaria er det einaste landet der styresmaktene ikkje har vist misnøye til opphevinga.
Derimot har bulgarske bønder protestert, melder nyheitsbyrået Ap.
– Billegare produkt med lågare kvalitet enn våre blir selt i butikkane, sa ein fortvilt bulgarsk bonde til Ap.
Desse forboda gjer det no vanskeleg for Ukraina å eksportere korn.
Bønder i Bulgaria protesterte mot at regjeringa oppheva forbodet på import av ukrainsk korn 19. september.
Foto: NIKOLAY DOYCHINOV / AFPKjedereaksjon av forbod
President Volodymyr Zelenskyj har reagert på forboda frå dei tre landa. Han kalla det heile eit politisk teater, som berre er til fordel for Moskva, ifølge Reuters.
I tillegg klaga Ukraina tysdag importforboda inn til Verdas handelsorganisasjon, melder Politico.
Dette har ført til ein kjedereaksjon av forbod. Ukraina svarte på importforbodet med å forby polske produkt, som igjen har ført til at Polen no ønsker å forby våpeneksport til Ukraina.
Prioritere eige våpenlager
– Vi var dei første til å gjere mykje for Ukraina, og difor forventar vi at dei har forståing for våre interesser, sa den polske statsministeren i TV-intervjuet.
I fjor sommar annonserte Morawiecki at Polen ville inngå ein våpenavtale med Ukraina. Han skildra avtalen som «ein av dei største, om ikkje den aller største avtalen på våpeneksport dei siste 30 åra».
Polen skal ha sendt tanks og jagarfly til Ukraina. Men no vil landet altså heller prioritere å ruste opp sitt eige våpenlager:
– Vi kjem i staden for til å fokusere på å ruste opp vårt eige forsvar med moderne våpen, sa den polske statsministeren, ifølge Polsat News.
Mateusz Morawiecki tilhøyrer det nasjonalkonservative partiet Lov og rettferd.
Foto: KACPER PEMPEL / ReutersAlt dette skjer under ein månad før det polske valet, som er 15. oktober.
Partiet Lov og rettferd, som Mateusz Morawiecki tilhøyrer, er eit nasjonalkonservativt parti som set nasjonale interesser høgt. Dei skal vere særleg populære blant bønder.
Vil finne løysing
Ein talsperson for regjeringa presiserte torsdag at allereie avtalte våpenleveransar med Ukraina, vil bli levert.
Ukrainas og Polens landbruksministrar skal i ein telefonsamtale blitt einige om å finne ei løying på konflikten mellom dei to landa. Det opplyste Ukrainas landbruksdepartement torsdag, ifølge Reuters.
Torsdag varsla også Det kvite hus styrking av ukrainsk luftvern USA sin president Joe Biden vil kunngjere «vesentleg» styrking av Ukraina sitt luftvern, melder AFP.
Høyr også: