Hopp til innhold

Polarskuta «Maud» på lekter ut i Nord-Atlanteren: – Stiv kuling i vente

– Dei må rekne med både liten og stiv kuling på veg mot Island, seier statsmeteorolog Rafael Escobar Løvdahl. Slepet av polarskuta «Maud» tar no fatt på det som kan bli den mest utfordrande delen av reisa heim frå Grønland til Noreg.

Polarskuta «Maud» ved Qassimiut

«Maud» er på veg heim – ho ligg nokre hundre meter bak slepebåten «Tandberg Polar». Biletet er tatt sør for Qassimiut på vestkysten av Grønland.

Foto: Jan Wanggaard / Maud Returns Home

Vestkysten er unnagjort. No rundar dei sørspissen av Grønland, og set kursen mot Island. Det kan bli ein tøff overfart. Nord-Atlanteren har større utfordringar å by på enn strekninga langs kysten.

– I området mellom Grønland og Island møtest varm luft frå sør og kald luft frå nord. Det er ofte uroleg ver i dette området. Det er kjent for kraftige lågtrykk og sterke stormsenter. Vêret kan også skifte ganske raskt, seier Rafael Escobar Løvdahl.

Statsmeteorologen studerer prognosane for dei neste dagane.

Vind-varsel for området mellom Grønland og Island. Kjelde: Windy

Kuling i vente

– Det er lågtrykksaktivitet i området no. I dagane framover ser det ut til å bli periodar med liten til stiv kuling. Neste helg vil det danne seg eit stort lågrykk ved Island, så då kan det nok bli meir enn stiv kuling også, seier han.

Polarskuta «Maud», lekteren «Jensen», som skuta er tjora fast til, og slepebåten «Tandberg Polar» sig framover i rundt fire knops fart. Dei tre farkostane har Vollen i Asker som mål. Det var der Roald Amundsen si skute blei sjøsett 7. juni 1917. 101 år etterpå kjem ho altså heim.

Natt til laurdag gjekk dei inn i Prins Christians sund, som går langs den sørlegaste enden av fastlandet på Grønland.

Polarskuta «Maud» i Paamiut

«Tandberg Polar» og «Maud» kom til Paamiut tysdag, og måtte vente inne i fjorden eit døgn til stormsenteret utanfor vestkysten hadde passert.

Foto: Jan Wanggaard / MAUD RETURNS HOME

– Utfordrande strekning

– Overfarten til Island kan heilt klart sjåast på som den mest utfordrande delen av seglasen. Området er jo kjent for mykje straum og urolege verforhold. Men dårleg ver kan ein oppleve kvar som helst. Vår respekt for kva som kan komme, er alltid den same, seier prosjektleiar Jan Wanggaard i «Maud Returns Home».

Han understrekar at dei alltid prøver å segle mest mogeleg skånsamt.

– Vi reduserer gjerne farten, eller justerer kursen litt, slik at vind og bølgjer gir oss og slepet minst mogeleg belastning, seier Wanggaard.

«Tandberg Polar» sleper polarskuta «Maud» på lekteren «Jensen»

Det er vanlegvis rundt 600 meter mellom slepebåten «Tandberg Polar» og «Maud», som ligg på lekteren «Jensen». Grafikk: NRK

Han fortel at dei planlegg å gå nordover langs austkysten av Grønland før dei dreiar over mot Island.

– På den måten minskar vi det opne havstykket som vi må krysse, seier Wanggaard, og minner om at denne tida av året trass alt er den rolegaste når det gjeld vind og ver.

Statsmeteorolog Rafael Escobar Løvdahl

Statsmeteorolog Rafael Escobar Løvdahl varslar uroleg ver i området mellom Grønland og Island.

Foto: Eivind Molde / NRK

Statsmeteorolog Rafael Escobar Løvdahl seier det er ein god plan å følgje kysten nordover.

– Dei ville fått sterkare vind om dei ikkje gjorde det slik, men dei unngår nok likevel ikkje kulingen, seier han.

  • Sjå «Maud» sin posisjon i FindShip eller MarineTraffic (sjå også kartet nedanfor). Søk på «Tandberg Polar».

Sjå kvar «Maud» og slepebåten «Tandberg Polar» er no. For å sjå posisjonen, må du lukke boksen der det står «Tandberg Polar», og zoome ut litt. Kjelde: MarineTraffic

– Rart å forlate Grønland

Reisa mot Vollen starta i Aasiaat om ettermiddagen laurdag 23. juni. To veker seinare tar altså «Maud» farvel med Grønland, etter nesten eitt år i grønlandske farvatn.

«Maud» har vore i Aasiaat sidan september i fjor. Båten kom dit etter å ha blitt slept ut av Nordvestpassasjen frå Cambridge Bay. «Maud» blei heva i 2016, etter 85 år under vatn ved den kanadiske byen.

Her møtes Roald Amundsens «Maud» fra 1918 og Hurtigrutens 90 år yngre «Fram» for første gang. Møtet skjedde utenfor vestkysten av Grønland, der «Maud» var på vei mot Norge, og «Fram» på vei nordover med gjester fra hele verden. Foto: ANDREA KLAUSSNER/HURTIGRUTEN

På veg mellom Aasiaat og Nuuk møttest Roald Amundsens «Maud» frå 1917 og Hurtigruten sitt 90 år yngre skip «Fram» for første gong. «Fram» var på veg nordover med gjester frå heile verda.

– Det kjennest rart og skulle forlate dette store, opne landskapet som vi har hatt rundt «Maud» heilt sidan vi starta dette arbeidet – først Nord-Canada og no Grønland. «Maud» tar no eit endeleg farvel med den delen av verda der ho har vore i nesten alle sine 101 år. Eg trur det blir svært rart og veldig rørande å sjå henne i meir heimlege trakter, seier Wanggaard.

Frå Aasiaat til Vollen er det 2803 nautiske mil (5191 kilometer) langs den ruta dei planlegg å gå. Det er rundt tre gonger så langt som avstanden mellom Lindesnes og Nordkapp.

Maud, Jan Wanggaard

Prosjektleiar Jan Wanggaard i «Maud Returns Home» har ansvar for at den gamle skuta kjem trygt tilbake til Vollen. Biletet er tatt eit stykke sør for Aasiaat.

Foto: Truls Antonsen / NRK

Kjenner på spenninga

– Kvar dag kjenner eg på spenninga som ligg i det å vere undervegs. Samtidig veit eg at vi gjer det vi maktar for å få «Maud» trygt fram. Meir kan vi ikkje gjere, seier Wanggaard.

Han håpar dei kan halde seg til planen om å segle inn i Vollen laurdag 18. august.

– Det blir snart eit nytt liv no for den gamle polarskuta til Roald Amundsen. Vi skal gjere alt vi maktar for å gi henne ei framtid ho kan trivast med.

«Maud» har ei vekt på rundt 400 tonn. Slepebåten «Tandberg Polar» er bygd i 1967, og har maskin frå 1969, med 1800 hestekrefter.

Ruten hjem fra Grønland på et kart

Reisa frå Grønland vil ta «Maud» over Nord-Atlanteren og til norskekysten.

Foto: Synne Gjul

SISTE NYTT

Siste nytt