Planlegg historisk møte: Slik jobbar toppdiplomatane i kulissene

I Singapore blir brikkene lagt for det praktiske opplegget for toppmøtet, mens det i grensebyen Panmunjon er innhaldet i samtalane mellom Donald Trump og Kim Jong-un som er tema.

HVa skjer når verdens mektigste mann tilsynelatende stadig skifter mening?

Aldri før har ein sitjande amerikansk president møtt den nordkoreanske statsleiaren. No tyder mykje på at det vil skje – om to veker. Forventningane er enorme.

Heilt sidan Donald Trump takka ja til møteinvitasjonen frå Kim Jong-un, har toppmøtet vore under planlegging i Pyongyang og Washington, D.C.

Etter at Donald Trump først avlyste møtet i førre veke, kom det før helga tydelege signal om at møtet vil bli ein realitet – i Singapore 12. juni.

No har planleggingsarbeidet gått inn i ein ny fase. Søndag var ein delegasjon frå USA på plass i byen Panmunjon, som ligg ved grensa mellom Sør-Korea og Nord-Korea. Same dag reiste ei gruppe amerikanarar til Singapore.

kimdonald

Mykje tyder på at presidentane Kim Jong-un og Donald Trump møtest i Singapore 12. juni.

Foto: - / AFP

Diskuterer agenda

– Ein amerikansk delegasjon sit no i møte med nordkoreanske tenestemenn i Panmunjon, sa talskvinne for det amerikanske utanriksdepartementet, Heather Nauert på ein pressekonferanse søndag.

– Vi held fram arbeidet med å førebu eit møte mellom dei to presidentane, sa ho.

Donald Trump stadfesta på Twitter at amerikanske embetsfolk er på plass.

– Vårt USA-team har komme fram til Nord-Korea for å førebu møtet mellom Kim Jong-un og meg, skreiv Trump.

Laster Twitter-innhold

Den amerikanske delegasjonen blir leia av USAs tidlegare ambassadør til Sør-Korea, Sung Kim. Han blir rekna for å vere ein av dei amerikanarane som har mest erfaring med nordkoreansk dialog.

Erfaren diplomat

Sung Kim, som no er ambassadør på Filippinane, har tidlegare vore sjefforhandlar for atomforhandlingar med Nord-Korea.

Philippines US Militant Siege

Ambassadør Sung Kim er leiar for den amerikanske delegasjonen i grensebyen Panmunjon.

Foto: Bullit Marquez / AP

Viseutanriksminister Choe Son-hui leier den nordkoreanske delegasjonen. Dei to kjenner kvarandre mellom anna frå atomnedrustningsforhandlingane i 2005.

Det sørkoreanske utanriksdepartementet stadfesta måndag at samtalane i Panmunjon er i gang.

Sung Kim har med seg Allison Hooker, som er Korea-ekspert og sit i det nasjonale tryggingsrådet i USA. Også ein embetsperson frå det amerikanske forsvarsdepartementet er med.

North Korea US Two Diplomats

Choe Son-hui er viseutanriksminister i Nord-Korea. Biletet er frå 2016, då ho hadde ei anna rolle i det nordkoreanske utanriksdepartementet.

Foto: Andy Wong / AP

Fortropp i Singapore

Det er ikkje berre innhaldet i samtalane mellom dei to presidentane som må førebuast godt. Det må også alt det praktiske. Eit såkalla «pre-advance team», eller ein fortropp, frå Det kvite hus reiste til Singapore søndag.

Det opplyste pressetalsperson i Det kvite hus, Sarah Sanders søndag. Rundt 30 medarbeidarar er med i fortroppen.

NORTHKOREA-MISSILES/SUMMIT-LOCATIONS

Singapore er peika ut som møtestad for presidentane.

Foto: Edgar Su / Reuters

I minste detalj

Gruppa blir leia av visestabssjefen i Det kvite hus, Joe Hagin. Oppgåva deira er å ta hand om alle praktiske sider ved toppmøtet. Det handlar om alt frå konferanselokale, hotell og pressesenter til tryggingstiltak og kva slags rute president-kortesjane skal køyre. Lista er lang. Kvar minste detalj må vere planlagd.

Det sørkoreanske nyheitsbyrået Yonhap melder måndag at også ein nordkoreansk delegasjon er på veg til Singapore for å delta i den praktiske planlegginga.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt