NRK Meny
Normal

14-åring piska til døde etter sharia-dom

Ei 14 år gamal jente i Bangladesh vart piska til døde etter skuldingar om sex utanfor ekteskapet. Fire personar er arresterte i saka, og politiet leitar etter fleire.

Tenåringsjenta Hena Begum var skulda for å ha hatt seksuell omgang med ein gift mann, sin eigen fetter. Ho vart dømd av ein lokal domstol, og straffa vart sett til 80 piskeslag.

Familiemedlemmer av mannen skal også ha banka opp jenta dagen før dommen vart avsagt.

Døydde etter seks dagar

No er fire personar, inkludert ein muslimsk prest, arresterte i samband med saka, skriv BBC.

– Familiemedlemmer av jenta fortel at ho vart lagt inn på sjukehus etter hendinga, og at ho døydde etter seks dagar. Rådet av eldre i landsbyen bad også faren hennar om å betale ei bot på 50.000 taka (4.000 kroner), seier politisjef Shahidur Rahman.

Han seier det enno ikkje er klart om jenta døydde av piskeslaga eller av ein annan årsak.

– Vi ventar framleis på obduksjonrapporten. I mellomtida leitar vi etter 14 andre, inkludert ein lærar frå ein koranskule, som er involverte i denne saka, seier Rahman.

Ulovleg dom

Ifølgje aktivistar i Shariatpur-distriktet, der dette skjedde, er det ikkje uvanleg at liknande ting skjer. I går protesterte ei gruppe i landsbyen mot dei som dømde jenta, og kravde at desse vart straffa.

– På kva måte er dette rettferdig? Dottra mi er drepen. Om denne saka hadde blitt teken til ein ekte rettssal, ville ho ikkje ha døydd, seier faren Dorbesh Kahn til BBC.

Dette er andre gong at ein person er drepen etter sharia-lova, etter at Høgsterett i fjor bestemte at det ikkje lenger er lov.

I desember vart ei 40 år gamal kvinne drepen med stokkeslag i Rajshahi-distriktet etter at ho var skulda for å ha hatt eit forhold med sin eigen steson.

90 prosent av dei 160 millionane som bur i Bangladesh, er muslimar. Dei aller fleste praktiserer ein moderat versjon av islam.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt