Hopp til innhold

Piratar har sett fri danske gislar

Somaliske piratar har sett fri ein dansk familie etter eit 195 dagar langt gisseldrama. Familien er no på veg tilbake til Danmark.

Dansk familie kapret av pirater

Den danske familien vil bli frakta tilbake til Danmark etter meir enn seks månader i fangenskap i Somalia.

Foto: Danmarks Radio

Det stadfestar det danske utanriksdepartemenet i dag.

«Dei sju danskane er i trygge hender etter at dei vart frakta i sikkerheit. Dei har det etter forholda bra. Det er venta at dei kjem tilbake til Danmark i løpet av kort tid», heiter det i den første kunngjeringa frå danske styresmakter.

Var på jordomsegling

I ettermiddag opplyser dansk UD at dei lauslatne danskane sit på eit fly på veg til Danmark.

Den danske familien frå Sjælland blei tekne som gislar den 24.februar, medan dei var segltur.

To foreldre hadde med seg tre tenåringsborn og to besetningsmedlemmer då dei i august 2009 kasta loss ved heimstaden Kalundborg på Sjælland i Danmark.

Jordomseglinga skulle etter planen vara i to år, men idyllen tok brått slutt i vinter. Piratane slo til då den 43 fot store seglbåten forsøkte å passera Rødehavet på veg mot Afrikas Horn.

I over eit halvt år har danskane vore i gisseltakarane sine hender, før dei i dag fekk fridomen tilbake.

Den yngste av borna er ei 13 år gammal jente. Dei to andre er gutar på 15 og 17 år. I mai vart både yngstejenta og mor hennar sjuke, men blei nekta legehjelp av piratane.

– Har betalt 16 millionar i løysepengar

Dansk familie kapret av pirater

Den danske familien på segltur før piratane tok dei til fange.

Foto: Danmarks Radio

Piratane framsette eit krav på 27 millionar norske kroner i løysepengar. Nettavisa Somalia Report melder no at det er betalt 16 millionar kroner for fridomen til danskane.

– Danske styresmakter har ikkje hatt noko å gjera med lauslatinga av gislane, opplyser Charlotte Slente i dansk UD til Danmarks Radio.

– Det er dei pårørande til familien og til dei to andre som var gjester om bord på båten som har vore med i forhandlingane. Eit privat tryggingsfirma har vore involvert. Meir kan eg ikkje seia, legg Slente til.

Seks sjømenn frå frakteskipet Leopart, to danskar og fire filippinarar er framleis i piratane sin varetekt. Danske styresmakter følgjer framleis tnøye med på saka, opplyser utanriksdepartementet på sine nettsider.