Hopp til innhold

Piratar fanga amerikansk kaptein

Ein amerikansk kaptein er teken som gissel av piratar i Indiahavet.

Maersk
Foto: Ho / Reuters

Eit redningsskip er berre timar frå gisseldramaet omlag 600 kilometer frå Mogadishum, hovudstaden i Somalia, ifølgje nyheitsbyrået AFP.

- Vår høgaste prioritet er tryggleiken til mannskapet om bord, seier ein talsmann for Det kvite hus.

Vann tilbake kontrollen

Det amerikanske mannskapet på skipet frå det danske rederiet Mærsk, vann tilbake kontrollen over skipet etter å ha blitt angripne av piratar i dag. Men kort tid etter vart altså kapteinen fanga - og teken som gissel.

Mannskapet på 20 personar er i kveld i forhandlingar med piratane for å få fri kapteinen.

Skipet på veg med humanitær hjelp

Skipet Mærsk Alabama var på veg til den kenyanske hamnebyen Monbsa då dei vart overrumpla av soamliske piratar. Om bord hadde skipet mais, soya og matolje.

Maten er sendt av Verdas matvareprogram (WFP) for å hjelpe folk i Somalia og Uganda, i tillegg til flyktningar i Kenya.

Minst 17 skip kapra

Måndag melde AFP at minst 17 skip er kapra av piratar i Indiahavet, blant desse norskeigde "Bow Asir".

Skipskapringar gjev store summar i lausepengar, og er vorte ein inntektsveg for unge menn i det krigsherja Somalia.

SISTE NYTT

Siste nytt