NRK Meny
Normal

Petraeus går av som CIA-sjef

CIA-sjef David Petraeus (58) trekkjer seg frå stillinga etter å ha hatt eit utanomekteskapeleg forhold.

David Petraeus

David Petraeus går av som CIA-sjef etter å ha hatt eit utanomekteskapeleg forhold.

Foto: MANDEL NGAN / Afp

David Petraeus stadfestar i ei fråsegn i kveld norsk tid at han trekkjer seg frå stillinga på grunn av dette forholdet.

– Ekstremt dårleg dømmekraft

David og Holly Petraeus.

David og Holly Petraeus under markeringa av CIAs 65-årsdag i september i år.

Foto: BRENDAN MCDERMID / Reuters

– Etter å ha vore gift i over 37 år, har eg vist ekstremt dårleg dømmekraft ved å engasjere meg i eit utanomekteskapeleg forhold. Slik framferd er uakseptabel, både som ektemann og som leiar av ein organisasjon som CIA, heiter det i fråsegna.

Det er kjent at han møtte president Barack Obama i går, og då skal Petraeus har bede om å få gå av. Obama skal ha godteke avgangen i dag.

– Davids avgjerd om å gå av representerer tapet av ein av dei mest respekterte offentlege figurar i USA, seier direktøren for nasjonal etterretning, James Clapper, i ein kommentar.

Nestleiar Michael Morell rykkjer no opp som ny CIA-sjef inntil vidare.

LES OGSÅ: CIA vil trappe opp bruken av omstridte droner

LES OGSÅ: CIA-sjefen jubler over disse

– Ekstraordinær god innsats

Barack Obama snakker om stormen Sandy hos Røde kors

Barack Obama rosar David Petraeus for hans innsats for USA.

Foto: Pablo Martinez Monsivais / Ap

President Barack Obama seier i ein kommentar at David Petraeus har gjort ein ekstraordinær god innsats for USA i fleire tiår. Han har vore ein av dei fremste militære offiserane i sin generasjon, og han har hjelpt våre væpna styrkar til å vere klare for nye utfordringar, seier han.

Obama er også full av lovord om måten Petraeus har leidd CIA på, med entusiasme, patriotisme og intellektuell styrke.

Obama seier også i si fråsegn at hans tankar no går til David og Holly Petraeus, som no går gjennom ei vanskeleg tid. Han rosa også Holly Petraeus for hennar innsats for å hjelpe militærfamiliar i den tida mannen tenestegjorde i dei væpna styrkane.

LES OGSÅ: Sjefen for USAs styrker i Afghanistan går av

LES OGSÅ: Sarkozy vil trekke seg ut tidligere fra Afghanistan

Lang militær karriere

David Petraeus har i sin lange militære karriere vore øvstkommanderande for den amerikanske styrken i Afghanistan og i Irak. Han har også hatt ei rad andre militære toppjobbar, og han er høgt dekorert.

Han overtok som leiar i CIA i 2011.

LES OGSÅ: Har godkjent Petraeus som CIA-sjef

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt