NRK Meny
Normal

Petraeus fall saman på Capitol Hill

Sjefen for dei amerikanske styrkane i Irak og Afghanistan, general David Petraeus, fall saman under ei høyring på Capitol Hill i Washington i dag.

Video VERDEN-TIRSDAG-150610-WW_MXF_Innboks.MP4

VIDEO: Sjå dramatikken då David Petraeus fall saman i Senatet.

Årsaka til at Petraeus svima av var truleg dehydrering. Dramatikken fann stad under ei høyring i forsvarskomiteen i Senatet om den amerikanske krigføringa i Afghanistan.

Generalen kom seg fort på beina igjen, og gjorde det seinare spøkefullt klart at det ikkje var spørsmålet frå senator John McCain som gjorde at han svima av. Etter å ha fått i seg litt vatn og eit par bananar kom han fort til hektene igjen.

Høyringa i Senatet vart avbroten og utsett til onsdag.

Petraeus (57) blir rekna som treningsnarkoman, og han fekk behandling for prostatakreft i fjor.

LES OGSÅ: Mineralfunn kan føre Afghanistan ut av krig og fattigdom

LES OGSÅ: – Hard, men ukoordinert Taliban-motstand

LES OGSÅ: Er dette Vestens nye fiender?

LES OGSÅ: Ønsker president Bush sin gullgutt i Irak mot president Obama i 2012

LES OGSÅ: Obama vurderer å forhandle med Taliban

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt