Hopp til innhold

Peter Madsen tilstår drapet på Kim Wall

I eit dansk TV-program vedgår den drapsdømde ubåt-byggaren Peter Madsen at det var han som tok livet av den svenske journalisten, Kim Wall. Han har tidlegare nekta straffskuld.

Peter Madsen

Oppfinnaren Peter Madsen var kjent i Danmark for bygging av ubåtar og romrakettar. No sonar han ei livstidsstraff i dansk fengsel for drapet på Kim Wall.

Foto: SCANPIX DENMARK / Reuters

Peter Madsen blei i 2018 dømd til fengsel på livstid for drap, likskjending og mishandling av den svenske journalisten Kim Wall.

Madsen nekta straffskuld i retten, men nå tilstår han det han har gjort i det danske TV-programmet «De hemmelege opptagelser» frå Dicovery Networks.

Hugsar alt

I løpet av ein lang telefonsamtale med ein journalist frå Discovery, vedgår han blant anna drapet.

– Det er mi skuld, ho døydde. Og det er mi skuld, fordi eg gjorde brotsverket. Det er alt saman mi skuld, seier han i programmet.

Han seier at han hugsar kvart millisekund av turen, og at Kim Wall utløyser noko i han om bord i båten. I programmet spør intervjuaren:

– Det er der ho utløyser noko i deg, og det er der det definitivt går gale. I staden for å ta det ut på deg sjølv, ender du med å drepe henne?

– Ja, svarar Madsen.

I programmet skal to ekspertar gå gjennom tilståinga til Madsen, og gi sine analysar av det som blir sagt.

Forsvann etter ubåt-tur

Oppfinnaren Peter Madsen var ein kjend ubåtbyggar og romentusiast i Danmark. Han hadde planar om å bli skoten opp i den første romrakettar bygd av amatørar.

Den svenske journalisten Kim Wall ville skrive om dette i det amerikanske magasinet Wired, og blei med på ein tur i ubåten «Nautilus» i august 2017 for å gjere eit intervju.

Wall kom aldri tilbake frå denne turen, og blei meldt sakna.

Kim Wall i Nautilus

Det siste bildet av Kim Wall om bord i «Nautilus 10. august 2017.

Foto: RITZAU FOTO

Det blei sett i gang ein leiteaksjon. Madsen sa først at han hadde sett Kim Wall i land på kvelden. Men han blei raskt mistenkt for drap.

Då det blei funne kroppsdelar langs vasskanten i København, blei han tiltalt for drap og likskjending.

Han vedgjekk å ha partert Wall, men endra fleire gongar forklaring på korleis ho døydde. Han sa først ho fekk ei tung luke i hovudet. Seinare sa han at ho døydde av kolosforgifting.

Etter ei rettssak i 2018, blei Madsen dømd til fengsel på livstid.

NRK har også laga ein podcast om drapet på Kim Wall:

De siste som så Kim Wall og Peter Madsen stevne ut i ubåten, synes de så ut som et forelsket par. 
Timer senere var hun død, og han pågrepet.

De siste som så Kim Wall og Peter Madsen stevne ut i ubåten, synes de så ut som et forelsket par. Timer senere var hun død, og han pågrepet.

SISTE NYTT

Siste nytt