Hopp til innhold

Pep Guardiola til val for eit sjølvstendig Catalonia

Pep Guardiola, mannen som leidde FC Barcelona til 14 titlar i løpet av fire år, og såleis er ein folkehelt i Catalonia, kastar seg for fullt inn i kampen for sjølvstende frå Spania.

Pep Guardiola stemmer i folkerøystinga i Catalonia i november 2014.

Pep Guardiola har kasta seg inn i kampen for eit sjølvstendig Catalonia. Her røystar han for sjølvstende under folkerøystinga i november 2014.

Foto: JOSEP LAGO / Afp

Guardiola, som no er trenar for Bayern München, står på vallista til to parti som har slått seg saman for å kjempe for sjølvstende, til valet på ny regionalt parlament i Catalonia 27. september i år, melder El Pais.

Dei to viktigaste partia som går inn for lausriving frå Spania har gått saman om ei liste til valet, og Pep Guardiola (44) er ein av kandidatane. Rett nok har han sikra seg ved å stå nedst på lista, slik at han ikkje blir valt inn i regionforsamlinga.

Stort fleirtal

Artur Mas

Regionstatsminister i Catalonia, Artur Mas, lovar å erklære sjølvstende om han får fleirtal ved valet på ny region forsamling 27. september.

Foto: Roger Manndal, NRK

Han har ingen planar om å flytte frå München for å bli heiltidspolitikar i Catalonia. Med Guardiolas popularitet i regionen er det venta at han likevel kan bli ei viktig brikke for sjølvstenderørsla.

Guardiola kjem frå byen Santpedor i Catalonia, og han har også tidlegare gitt uttrykk for at han støttar kravet om lausriving. 9. november i fjor reiste han frå München tilbake til heimregionen for å stemme i folkerøystinga for eller mot sjølvstende. Han røysta sjølvsagt ja, slik som rundt 80 prosent av veljarane gjorde .

Men valdeltakinga var på berre rundt 37 prosent, ifølgje El Pais.

Guardiola deltok blant anna i ein underskriftsaksjon med fleire andre kjendisar med krav om at Catalonia måtte få avgjere si eiga framtid .

Pep Guardiola hadde ei lang karriere som midtbanespelar for både FC Barcelona og Spania, før han vart ein suksessrik trenar.

Vil erklære sjølvstende

Dei to partia som har slått seg saman før valet på regionalforsamling er det regjerande CDC (Katalansk Samling) og ERC (Catalonias Republikanske Venstre).

Dersom dei vinn valet 27. september, vil dei kunne proklamere sjølvstende mellom seks og åtte månader seinare, ifølgje regionstatsminister Arthur Mas.

– Det er svært gode nyheiter at Pep Guardiola blir med. Målet vårt er å lage ei valliste som representerer heile det katalanske samfunnet, seier talsmann for ERC, Sergi Sabrià.

Mariano Rajoy fotografert under et møte i Sevilla

Spanias statsminister Mariano Rajoy avviser at Catalonia kan erklære seg sjølvstendig.

Foto: Marcelo del Pozo / Reuters

Meiningsmålingar viser at støtta til sjølvstendetanken misser terreng. I oktober i fjor svarte 49,4 prosent av katalanarane at dei støtta sjølvstende, medan støtta var nede i 44,5 prosent i desember.

No er håpet at Pep Guardiolas inntog i politikken skal gi sjølvstende-tilhengjarane fornya støtte i regionen.

– Blir ikkje snakk om

Spanias statsminister Mariano Rajoy har gjort det klart at det ikkje blir snakk om at Catalonia skal bli ein sjølvstendig stat.

– Det einaste som blir avgjort 27. september er kven som blir den neste regionale statsministeren i Catalonia. Det blir ikkje snakk om katalansk sjølvstende, sa han sist torsdag.

SISTE NYTT

Siste nytt