I juli opna ein ny våpenfabrikk i Serbia.
Den skal lage klassiske handvåpen kjende frå det tidlegare Sovjetunionen.
I ei pressemelding kunngjorde President Aleksandar Vucic at ein kunne femdobla kapasiteten til fabrikken og framleis selt rubbel og bit.
For USAs president har gjeve kampen mot IS høgste prioritet, og væpninga av opprørsgruppene har skote fart.
KULER OG KRUT: Serbias president Aleksandar Vucic inspiserer ammunisjon produsert ved den nyopna våpenfabrikken i Uzići.
Foto: Darimir Banda / Serbias forsvarsdep.Stor etterspurnad etter Sovjet-era våpen
Ifølgje ein omfattande artikkel i Balkan Insight, støtta av det internasjonale journalistnettverket OCCRP, vil USA totalt bruke 2,2 milliardar dollar på våpen i Aust-Europa, for å væpne rundt 30.000 opprørarar som kjempar mot IS.
Dette kjem på toppen av eit væpningsprogram finansiert av Tyrkia, Saudi-Arabia og andre land i Midtausten, verdt rundt 1,2 milliardar dollar.
EKSPERT PÅ VÅPENHANDEL: Pieter Wezeman forskar på den globale våpenhandelen ved tenkjetanken SIPRI i Stockholm.
Foto: SIPRIVåpenkontrollforskar Pieter Wezeman ved tenkjetanken SIPRI i Stockholm, fortel til NRK at artikkelen gjev eit grundig bilde av dei enorme mengdene våpen og ammunisjon som USA sender frå Balkan til Syria.
Han seier det er vanskeleg å gje nøyaktige tal, men at det allereie kan vere sendt av stad 100.000 handvåpen, og han viser til det var 50 millionar patroner i ei enkelt forsending.
– Så vi kan berre tenkje oss kor mykje ammunisjon det er snakk om, fortel han.
- LES: Kalasjnikov er død
Våpenmangel på Balkan
Den amerikanske forsvaret forsøkte først å sende amerikanske våpen, men av ulike grunnar har det vist seg at opprørsgruppene helst vil ha infanterivåpen av typen som er vanlege i det tidlegare Sovjetunionen, forklarar Wezeman til NRK:
- Det er våpen dei er vande til.
- Dei kan nytte ammunisjon dei tek frå fienden på slagmarka.
- Ein Kalasjnikov er enklare å bruke, og meir solid enn liknande amerikanske våpen.
- «Sovjet-våpen» er billegare enn dei amerikanske modellane.
- Ein kan lettare nekte for at våpena kjem frå USA, sjølv om det er ganske openbart at dei gjer det.
På grunn av strenge våpeneksportreglar kan ikkje kongressen i USA tillate kjøp av våpen frå dei største produsentane av slikt utstyr, Russland og Kina.
Så i 2015 byrja det amerikanske forsvaret i det stille å væpne opprørarane med Sovjet-era våpen frå allierte land i Aust-Europa.
VALUTA FOR PENGANE: Ein Kalasjnikov er både billegare og meir robust enn amerikanske automatgevær. Og når USA skal bruke over 2 milliardar dollar på våpen, er det mykje pengar å spare. Ein Kalasjnikov kostar maksimalt 200 Euro, og er det mest vanlege handvåpenet i krig verda over.
Foto: BULENT KILIC / AfpNy gullalder for våpenindustrien på Balkan
Hjå dei største våpeneksportørane i regionen, Romania og Bulgaria, er allereie kapasiteten sprengt. I Bulgaria blir det meldt om rekordeksport av våpen.
Bulgarske VMZ Sopot, kunngjorde nyleg dei hadde hyra inn 1.000 nye arbeidarar.
– Det er fort gjort å auke kapasiteten, desse landa har kompetansen, fortel Wezeman til NRK.
Dei som har fått oppdraget med å handle våpen, er US Military's Special Operations Command (SOCOM), og den mindre kjende våpenhandlaren Picatinny frå New Jersey.
På grunn av våpenmangelen har dei byrja henvende seg til fleire land med sovjetiske våpenarsenal, som Bosnia, Serbia, Tsjekkia, Ukraina, Georgia, Kasakhstan og Afghanistan.
Transportruta går hovudsakleg frå hamnene i Svartehavet til Syria, men også Ramstein-flybasen i Tyskland har blitt brukt, noko som fekk tyske politikarar til å slå alarm, skriv Balkan Insight.
Pentagon seier dei ikkje lenger nyttar Tyskland som transittland, samtidig blir det meldt om at det har hopa seg opp med våpen ved ein militær flybase i Romania.
SKARPSKYTTARRIFLER: Ulike modellar av rifler brukt av snikskyttarar i Syria. Desse er produsert i Serbia.
Foto: MARKO DJURICA / ReutersUSA har gjort seg sjølv til sluttbrukar
Ifølgje Balkan Insight har USA sett seg sjølv som sluttbrukar av våpena, sjølv om det amerikanske forsvaret ikkje nyttar infanteririfler som Kalasjnikov.
Pieter Wezeman er bekymra for at dette kan føre til at ein ikkje vil klare å spore kor våpena endar opp. Og han fryktar dei vil ende opp i feil hender, noko som tidlegare har skjedd i Irak.
– Der kapra IS tok store mengder våpen frå den irakiske hæren på slagmarka. Dette førte til at IS kunne halde fram offensiven sin. Så USA gjorde ein stor feil der, og det vi må spørje oss er om dei ikkje gjer same feilen ein gang til, fortel Wezeman.