Hopp til innhold

Informasjon om norske jagarfly stole av kinesiske hackere

Kinesiske hackarar har stole hemmelegstempla informasjon frå Pentagon. Deriblant informasjon om jagarflytypen som Noreg har brukt 62,2 milliardar på å kjøpe.

F-35

Det har vore mykje diskusjon kring kjøpa av dei amerikanske F-23-flya. No har kinesiske hackarar fått tilgang på informasjon om dei amerikanske våpensystema.

Foto: HANDOUT / Reuters

Kinesarane har brote seg inn i meir enn tjue ulike våpensystem, der fleire av systema er sentrale for drifta av USA sine våpensystem, skriv Washington Post.

Blant systema som dei kinesiske hackarane har fått tilgang til er Lockheed Martin-flya, verdas mest avanserte jagarfly som Noreg har bestilt fleire eksemplar av.

Hackinga kjent for USA

Kinesarane har også fått tilgang på informasjon om andre typar kampfly, rakettar og krigsskip. Mellom anna er det avanserte rakettforsvarsystemet «Patriot» blant systema som er hacka. «Patriot» vert nytta som amerikansk rakettforsvar i Asia, Europa og Persiabukta.

Ekspertar meiner at informasjonen Kina har fått tilgang til, kan bidra til at Kina sjølv kan utvikle sin våpenteknologi fortare.

LES OGSÅ: Kinas militære får skylden for dataangrep mot USA

LES OGSÅ: Avdekket det som kan være historiens største cyberangrep

Det er ein rapport frå Pentagon, hovudkvarteret til det amerikanske forsvarsdepartementet, som avslører den kinesiske hackeverksemda. USA skal ha visst om dataangrepa i fleire månader, og det vert spekulert i om dette er årsaka til at Obama den siste tida har åtvara Kina mot å drive dataangrep.

Hacka også Australia

Skuldingane frå USA er ikkje dei einaste skuldingane om datatjuveri som Kina har fått denne veka. Natt til tysdag vart det kjent at også Australia har opplevd å bli angripe av kinesiske dataspionar.

I Australia var det planteikningar av eit hovudkvarter for etterretningstenesta i Australia som vart stole. Byggingsplanane skal ha ei planlagd kostnadsramme på 3,5 milliardar kroner.

Vil ta att USA sitt forsprang

Ifølgje Washington Post investerer Kina mykje tid og pengar i å utvikle ein langsiktig strategi, der målet er å ta igjen USA sitt militære overtak, og dataspionasje er i så måte eit viktig verktøy. Tidlegare i år vart kinesiske dataspionar skulda for å hacke New York Times, og også sør-koreanske styresmakter har skulda Kina for dataspionasje.

Ein ikkje-namngitt representant for det amerikanske forsvarsdepartementet har ifølgje avisa uttalt at departementet har aukande uro for den globale trugselen som dataangrep har på den økonomiske og nasjonale tryggleiken i USA.

Også sentrale personar rundt president Barack Obama har uttrykt uro kring gjentakande dataangrep, og då særskild frå Kina.

SISTE NYTT

Siste nytt