Hopp til innhold

Pengane fløymer

Statsbudsjettet gjev store summar til hovudsaker regjeringa har prioritert. Men budsjettet syner samstundes ulik takt i oppfyllinga av lovnader.

Kristin Halvorsen og Jens Stoltenberg
Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Så høgt som regjeringa har spent forventingane, tyder det også at den vil møte misnøye. Også frå eigne rekkjer.

Barnehagar, kultur, samferdsle og kommunar framstår som budsjettvinnarar. Det er også her regjeringa og Soria Moria-erklæringa delar ut dei store lovnadene.

Kulturfeltet er det minst kosntandskrevjande, men kulturlyftet forpliktar seg til å la kulturen få ein prosent av statsbudsjettet innan 2010.

Pengemessig er dette nokonlunde i rute, fylgt av brei reklame frå finansminister Kristin Halvorsen og enno breiare smil frå kulturminister Trond Giske som rundhanda har dela ut sine summar til festivalar og friteater dei siste vekene.

Men det er nok i dei større teatra i politikken at regjeringa blir målt og vogen.

Barnehagane

Milliardane til barnehageutbyggjing gjev teoretisk von for regjeringa om at det blir full barnehagedekkjing ved utgangen av neste år. Samstundes er det lova å setje ned makstaksten ein gong til innan utgangen av 2007 (steg to i prisnedsetjinga).

Her vil kritikarane sjå det som eit bakslag at regjeringa i dag auka makstaksten i det fysste steget i prisnedsetjinga med 80 kroner.

Regjeringa kallar dette ei prisjustering, men mange tallknusarar meiner det er meir enn som så. Dette kan i det minste gje symbolske argument mot regjeringa for kritikarane. Men til sjuande og sist er det spørsmålet om ein greier å fylle lovnaden om barnehageplass til alle som vil ha, som blir det avgjerande for regjeringas truverde.

Kommunane

Det er kommunane som produserer velferdsstaten. Det er her ansvaret for skular og omsorg ligg. Og dette er kjerna i det auka fellesforbruket regjeringa har lova.

Lyftet i fjor med over fem milliardar kroner erkjenner alle at gjorde livet lettare for dei som er ansvarlege for desse tenestene. Men det er ikkje sikkert at det nye tillegget no på 2,4 milliardar kroner i frie midlar er nok til å gjera det fullkome.

Kritikken kjem frå kommunane sjølve, og leiar i Kommunenes Sentralforbund, Halvdan Skard, har i dag sagt at den store oppussinga av skular og andre offentlege bygg som regjeringa vil ha for at det "skal skine av kommunane", kan stanse opp.

Likevel - her vil nok mange sei at kommunane no eventuelt syter frå eit høgt nivå.

 

Hovudgrunnen til at regjeringa no kan ause rikeleg frå pengekrukka, er gode tider. Konjunkturane har ført nye pengar inn i kassa og gjort det mogeleg for regjeringa å koma i gang med å innfri Soria-Moria-erklæringa.

Bjørn Bø

 

Skuffing

Dei harde prioriteringane på kjerneområde som barnehage og kommunar, gjer det trongare på andre budsjettområde. Takten er ulik i programoppfyllinga.

Satsinga på forsking vil mange oppleve som milevidt unna det kunnskapsminister Øystein Djupedal tala om i valkampen i fjor under vimpelen satsing på framtida. Her blir det nok ein beinhard debatt, der regjeringa kan vente nålestikk frå eigne og breidsider frå opposisjonsparti som Høgre og Venstre, som alt i dag har uttrykt sterk kritikk mot forskingssatsinga.

Trass i påplussing med 1,6 milliardar kroner til sjukehusa, er den økonomiske situasjonen tung på dette feltet også neste år. Underskota på milliardsummar ligg der, og diskusjonen om gjeldssanering vil nok regjeringa møte på nytt.

Ein viss godhug kan regjeringa venta fordi den prøvar å rette opp det som er erkjent som skeivfordeling i høve til Helse Vest og Helse Midt-Noreg med 104 millionar kroner.

Pengane

Pengane strøymer inn med stor fart. Neste år reknar ein med at det kan rulle inn om lag ein milliard kroner til oljefondet kvar einaste dag.

Likevel har regjeringa skrapa djupt for å finne pengar til alle dei gode føremåla sine. Den går over handlingsregelen for bruk av oljepengar - med 800 millionar kroner, skriv regjeringa sjølv.

Og der ligg framleis eit ope sår i budsjettet - innstramminga i sjukelønsordninga med 2,5 milliardar kroner. Desse pengane treng regjeringa for å få budsjettet til å gå opp, men har som kjent stappa saka inn i eit statsministerstyrt utval. Denne merkverdige fadesen vil vera ein godbit for opposisjonen framover.

Så vil det etter kvart syne seg kor nøgd partiorganisasjonar og veljarar blir. Dei er lite tolsame, og regjeringa har sjølv skapt forventingar av det store slaget.  

SISTE NYTT

Siste nytt