I desember kunngjorde president at USA skal flytte ambassaden frå Tel Aviv til Jerusalem. Avgjerda utløyste kraftige protestar i dei palestinske områda og fleire arabiske land.
- Les også:
- Les også:
Måndag talte visepresident Mike Pence i den israelske nasjonalforsamlinga, og sa at ambassaden i Jerusalem skal opnast innan utgangen av 2019, fleire år tidlegare enn planlagt.
I talen forsvarte Pence avgjerda om å flytte ambassaden. Han sa at den amerikanske regjeringa vil forsere arbeidet med å få etablert ambassaden i Jerusalem.
- Urix forklarer:
Palestinarane gjer krav på Aust-Jerusalem som hovudstad i Palestina. Dei meiner USA ikkje kan stå fram som ein nøytral meklar i Midtausten etter avgjerda om å flytte ambassaden.