Etter å ha prøvd å sleppe unna å måtte vitne i mange månader, mått Pence torsdag møte for ein føderal storjury i ein rettssal i hovudstaden Washington. Storjuryen etterforskar Trump si rolle i storminga av Kongressen og anstrengingane hans for å behalde makta etter valnederlaget i 2020.
Å vitne for ein storjury er ikkje ei vanleg rettssak med aktor og forsvarer, men ei utspørjing som del av ei politietterforsking. Den blir leidd av spesialetterforskar Jack Smith.
Pence er rekna som eit nøkkelvitne i saka der Trump blir skulda for å ha prøvd å blokkere Kongressen si godkjenning av Joe Bidens valsiger og for å ha oppeldna opprørarane.
Han vitna bak lukka dører i over fem timar, skriv mellom andre CNN.
Storjuryen skal ta stilling til kva rolle Trump spelte i storminga av Kongressen 6. januar, og om han braut lova ved mellom anna å prøve å presse Pence til å nekte å godkjenne valet.
Prøvde å unngå å vitne
I fleire månader har Pence prøvd å sleppe å vitne.
Foto: AFPBåde Pence og Trump har kjempa fleire rundar i rettssystemet for at Pence skulle få sleppe å vitne om dei samtalane dei to hadde den dagen storminga skjedde.
Så seint som onsdag denne veka tapte Trump ei ankesak i ein appelldomstol i Washington.
Pence avviste og å vitne for kongresskomiteen som førebudde riksrettssaka mot Trump.
«For ærleg»
Torsdag skal Pence ha vore inne i rettsbygninga meir enn fem timar, men nøyaktig kva han sa bak lukka dører har ikkje komme ut.
Mykje av det vi veit om kommunikasjonen mellom Trump og Pence i tiden før kongressopprøret, er det som kom fram i ei memoarbok som Pence gav ut i fjor.
I tillegg har mange tilsette i Det kvite huset fortalt om opplevingane sine i dagane forut for 6. januar.
I boka skriv Pence at Trump få dagar før storminga sa at Pence var «for ærleg» til å prøve å kaste om på valresultatet.
Pence skriv og at han forsøkte å få Trump til å lytte til dei juridiske rådgjevarane i Det kvite huset, framfor å lytte til advokatar på utsida som støtta Trump i at det hadde vore omfattande valjuks.
Stiller Pence?
Samtidig som saka går føre seg i rettssalen, auker spekulasjonane om Mike Pence vil utfordre Trump og forsøke å bli kandidaten til det republikanske partiet i presidentvalet i 2024.
Det er venta at Pence vil offentleggjere avgjerda innan slutten av juni, ifølgje NBC News.
Om han stiller, vil han ha konkurranse frå den tidlagre sjefen sin, frå tidlegare FN-ambassadør og guvernør Nikki Haley, tidlagare Arkansas-guvernør Asa Hutchinson, gründeren Vivek Ramaswamy og radioverten Larry Elder.