Hopp til innhold

Pence og Trump snakkar ikkje saman: – Uklart kven som styrer landet

Visepresident Pence og president Trump har ikkje snakka saman sidan Kongressen blei storma onsdag. – Det er dramatisk. Det verkar uklart kven som styrer landet, seier USA-ekspert Sofie Høgestøl.

LK4miAZBy6Q

Visepresident Mike Pence og president Donald Trump i Det kvite hus under valnatta 4. november 2020.

Foto: MANDEL NGAN / AFP

Det er CNN som skriv at Mike Pence og Donald Trump ikkje har snakka saman sidan onsdag, då Trump sine støttespelarar storma Kongressen.

Pence sine medarbeidarar skal vere sjokkerte over at Trump ikkje tok kontakt med Pence onsdag, etter at han og familien måtte flykte frå den valdelege mobben. Både kona Karen, dottera Charlotte og broren Greg var til stades i Kongressen under samanstøytane.

– Demokratisk krise

– USA er i ei alvorleg demokratisk krise. Det at presidenten og visepresidenten ikkje er på talefot, er svært alvorleg. No verkar det uklart kven som eigentleg styrer landet, seier førsteamanuensis ved Universitetet i Oslo, Sofie Høgestøl.

Ifølgje New York Times og fleire andre medium var det Mike Pence, og ikkje Donald Trump, som tok avgjerda om å sende nasjonalgarden til hovudstaden for å hjelpe politiet onsdag.

Seinare hevda Trump at det var han som kalla inn nasjonalgarden.

– Dette forsterkar inntrykket av at det er uklart kven som har kommandoen, at dei to på toppen ikkje er samkøyrde, seier Høgestøl.

5p1Pu0E4dAM

Visepresident Mike Pence ser ikkje bort frå at det kan bli aktuelt å ta i bruk det 25. grunnlovstillegget og felle president Donald Trump, opplyser ei kjelde nær han til CNN.

Foto: Erin Schaff / AP

Ville «ta» Pence

Trump sine støttespelarar kom til Washington onsdag for å prøve å stanse Kongressen si godkjenning av valresultatet.

Trump hadde lenge oppfordra folk til å møte opp. Han la også press på Pence for å få han til å setje foten ned, sjølv om Pence ikkje har autoritet til å gjere det. I Kongressen gjorde Pence det han er pålagd etter grunnlova.

Opptak som blei gjort under storminga, viser at det blei ropt «Kvar er Pence, finn Pence» mens folkemengda var på veg inn i Kongressen.

Seinare har Pence fått mange dødstruslar i sosiale medium. Trump har ikkje kommentert dette.

– Korleis trur du forholdet er mellom Pence og Trump no?

– Forholdet er blitt oppfatta som nært. Pence har stilt seg bak Trump heile tida. No ser det altså ut som at dei ikkje er på talefot. Trump sine kjerneveljarar oppfattar nok dette som at Pence har brote med Trump, seier Høgestøl.

Rom på innsiden av kongressen var rasert etter angrepet 6. januar.

Fleire rom i Kongressen var raserte etter angrepet 6. januar.

Fjerne Trump?

Mike Pence ser ikkje bort frå at det kan bli aktuelt å ta i bruk det 25. grunnlovstillegget og fjerne Trump, får CNN opplyst.

Ei kjelde nær visepresidenten opplyser til CNN at Pence ønskjer å ha dette alternativet i bakhand i tilfelle Trump blir «meir ustabil».

Det 25. grunnlovstillegget opnar for at visepresidenten og halve regjeringa kan varsle Kongressen om at presidenten er uskikka. Dermed overtar visepresidenten makta.

Men ifølgje CNN si kjelde meiner Pence sine folk det kan vere risikabelt å ta i bruk grunnlovstillegget, men også å innleie nok ein riksrettsprosess. Dei er redde at Trump skal ta avgjerder som kan setje nasjonen i fare.

Sofie Høgestøl tvilar på om grunnlovstillegget vil bli brukt.

– Det er neppe særleg realistisk. Men Pence er under sterkt press frå Demokratane, som vil stille Trump for riksrett.

Nancy Pelosi

Fleirtalsleiaren i Representanthuset, Nancy Pelosi, ber president Donald Trump gå av. Om ikkje, vil ho ha ny riksrettssak mot han.

Foto: Erin Scott / Reuters

– Overraskande støtte til riksrett

Representanthuset skal etter planen stemme over eit forslag om å starte riksrettssak mot Trump allereie måndag. Laurdag kveld hadde 190 representantar frå Demokratane stilt seg bak forslaget, ingen frå Republikanarane.

Sofie Høgestøl

USA-ekspert Sofie Høgestøl.

Foto: Kristian Elster / NRK

– Eg er overraska kor stor støtte kravet om riksrett har fått på kort tid, seier Høgestøl.

Ho legg til at utgangspunktet for ei eventuell sak er svært uvanleg.

– Dette er første gong dei som skal ta stilling til riksrett både er offer og vitne til handlingane, seier ho.

Donald Trump har ti dagar igjen i Det kvite hus. Det er no stadfesta at Mike Pence kjem til å delta under innsetjinga av Joe Biden som ny president 20. januar. Trump har gjort det klart at han ikkje kjem til å vere til stades.

SISTE NYTT

Siste nytt