Hopp til innhold

Pelosi trekker seg som leiar for demokratane i Representanthuset

I ein tale til det amerikanske folket torsdag, sa Nancy Pelosi at ho ikkje vil halde fram som leiar for demokratane i Representanthuset.

Då ho gjekk på talarstolen til stor applaus torsdag kveld, starta Pelosi med å fortelje om sitt første møte med kongressbygget i USA, The Capitol.

– Dette er det vakraste bygget i verda, på grunn av kva det representerer. Capitol er tempelet til demokratiet vårt, til grunnlova vår, og våre høgste ideal.

– Der er ingen større ære for meg enn å stå på dette golvet og snakke for folket i San Francisco. Dette skal eg halde fram med å gjere som medlem av Representanthuset.

Likevel, la ho til, kjem ho ikkje til å halde fram som minoritetsleiar for demokratane i Representanthuset når republikanarane tek over i januar.

– For meg er tida komen for at ein ny generasjon skal leie den demokratiske forsamlinga som eg har så djup respekt for. Eg er takksam for at så mange er klare og villige til å ta på seg dette store ansvaret.

Outgoing US Speaker of the House of Representatives Nancy Pelosi, Democrat of California, speaks in the House Chamber at the US Capitol in Washington, DC

Pelosi såg tilbake på sine eigne erfaringar i Representanthuset i ein tale til kongressen torsdag.

Foto: OLIVIER DOULIERY / AFP

Ho takka for støtta ho har fått, og for ønska om god betring til ektemannen Paul, og gjekk ned til ståande applaus.

President Joe Biden sa etterpå at amerikanarar skuldar Pelosi ei «stor gjeld av takksemd», og at ho er den «viktigaste» leiaren Representanthuset har hatt.

Tvilte etter åtaket på ektemannen

Pelosi (82) har tidlegare vore under press frå yngre demokratar, som ville at ho skulle gi frå seg makta. I Representanthuset har ho vore valt inn frå San Francisco i over 30 år.

Pelosi har tidlegare sagt til CNN om at åtaket på mannen hennar av ein inntrengar med hammar, har påverka korleis ho tenkte om å stille til val på nytt.

Pelosi Husband Assaulted

Den sikta mannen blei arrestert av politiet på adressa til Pelosi i San Francisco.

Foto: Eric Risberg / AP

– Det er skremmande når familien blir utsett for vald og trugslar, så det må bli opp til familiane å avgjere, fortalde ho den gongen, tydeleg prega.

I dag, då ho snakka til kongressen, tok ho til orde for demokratiet, og minna om då bygget dei stod i blei storma 6. januar 2021.

– Det amerikanske demokratiet er majestetisk, men det er sårbart. Mange av oss her inne har vore vitne til denne sårbarheita sjølve, tragisk, i dette kammeret.

– Demokratiet må bli verna for alltid mot dei som vil det vondt.

Konspirasjonsteoretikar sikta for angrepet på Paul Pelosi

David Wayne DePape er blant anna sikta for forsøk på bortføring og forsøk på mord, etter at Paul Pelosi blei angripen med ein hammar i heimen deira i San Francisco.

Han er framstilt i ei rettsteikning frå Reuters etter at han møtte i retten tysdag, også sikta for å ha utøvd vald mot ektefellen til ein amerikansk politikar.

Då han tok seg inn i Pelosiane sin heim skal han ifølge rettsdokumenta ha ropt: «Kvar er Nancy?», og ha hatt til hensikt å halde henne som gissel.

David Wayne DePape appears in federal court in San Francisco

Ei skisse frå rettshøyringa til David Wayne DePape, som er sikta for angrepet på Paul Pelosi.

Foto: VICKI BEHRINGER / Reuters

DePape skal ha sagt at han kom til å sleppe Nancy fri att dersom ho fortalde «sanninga», men at han kom til å knekke «kneskålene hennar «dersom ho «laug».

Paul ringde naudnummeret 911 og snakka med angriparen i mellomtida for å halde situasjonen roleg fram til politiet kom til staden. Nancy var i Washington då åtaket skjedde.

DePape, som tidlegare har spreidd høgreorienterte konspirasjonsteoriar på sosiale medium, skal ha slått til hovudet hans med ein hammar og forlate han medvitslaus.

Sidan skal Paul ha blitt operert for eit brot i hjerneskallen og skadar på hender og høgre arm. Han er no på betringas veg, ifølge Representanthuset sitt leiarkontor.

Dei melder vidare at det kjem til å ta lang veg før han er på føtene igjen, men at det ikkje er venta at han vil få varige men.

NBC og Fox News spreidde feilinformasjon om angrepet

Det har sirkulert store mengder feilinformasjon på sosiale medium etter at angrepet skjedde.

Blant anna har tweeten til ein journalist i Fox News spreidd seg som eld i tørt gras. Denne hevda at DePape berre hadde på seg undertøy då politiet kom fram til huset.

Fleire alternative medium i USA rapporterte deretter at Paul Pelosi og angriparen hadde ei affære, og at sistnemnde ville at dette skulle bli kjent.

Også større mediehus som NBC sannsynleggjorde at angripar og offer kjende kvarandre frå før.

Rapportane har sidan blitt avkrefta av politiet, og sagt at det ikkje finst noko bevis på at angriparen og offeret kjende kvarandre.

Som følge av dette trekte både NBC og Fox News tilbake sakene dei hadde publisert.

– Det er veldig trist for dette landet, at folk som er så synlege, separerte seg sjølv frå fakta og sanninga på ein så open måte, sa Pelosi sjølv om dei falske nyheitene.

– Det er veldig trist og det er traumatiserande for dei som er påverka av det. Dette bryr ikkje dei seg om, det er openbert, men det er destruktivt mot samhaldet vi vil ha i dette landet.

SISTE NYTT

Siste nytt